Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Baroness har vore ein sludgefavoritt sidan eg høyrte The Red Album fyrste gong. Dei har ein sørstatssludge som fenga umiddelbart. Det er vanskeleg å sette fingeren akkurat på kva det er, men eg likar drivet, riffinga og heile lyduttrykket. Og skal ein tru folkemengda som hadde møtt opp foran Scream Stage, er det fleire som har latt seg fenge!



Take my Bones Away opna ballet. Ein av favorittane mine allereie frå start. Dette lova bra. Heldigvis har dei fleire gode på lager, so det gjekk ikkje noko nedover etter dette. Igjen var det eit veldig tent band som sto på scena. Fulle av energi og god kontakt med publikum. Vokalist John Baizley snakka akkurat nok, og gjorde faktisk eit nummer ut av han heller ville spele. Lurt. Det var jo musikken vi var komne for.



Konserten får litt trekk for ein tanke grumsete lyd, noko som gjorde at eg synes detaljane av og til blei litt borte. Spesielt synes eg at nokre av soloene forsvann litt. Men det er detaljar. Når eg såg meg rundt for å sjekke dei andre i publikum, såg det ut som alle koste seg i sola.