Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Ein liten fun fact heilt i starten. Den aller fyrste konserten Dark Funeral spelte var på gode, gamle Luse Lottas i Oslo. Dette var same dag som debutalbumet Dark Funeral blei slept 4. mai 1994. Om dei følte dei var tilbake der dei starta i dag dei spelte på Vampire Stage veit eg ikke, men det sto ikkje på energi og tempo, iallfall. Kanskje med eit unntak av det einaste gjenverande medlemer, Lord Ahriman. Han var litt meir stakkato i bevegelsane.



Dark Funeral har ein imponerande katalog, men holdt seg til dei siste 20 åra. Utan at det la nokon dempar på stemninga. Det er jo trass alt ganske mange år likevel. Dei hadde med seg publikum frå fyrste strofe på Unchain my Soul. Det er eigentleg eit ganske imponerande tempo dei held gjennom heile seansen. Iallfall tatt i betraktning alderen til eit par av gutane. Dei ligg i 50+/-, so dette sto til laud tempomessig.

Vampire Stage er nok den scena eg synes fungerer best for denne type konsert. Det skal vere mørkt og trangt. Det stemmer liksom ikkje heilt å stå i steikande sol og nyte svartmetall. Når det er sagt, var nok den steikande sola under Gahl´s Wyrd på Scream Stage rett før ein slags reminder på Helvetes flammar for dei meir dedikerte Satandyrkarane blant fansen.



Lydmessig klarte teknikarane å skape eit godt lydbilete sjølv om det til tider kan bli litt grautete. Likevel klarer ein å skjelne låtane frå kvarandre ganske greitt.

Alt i alt er det berre å bøye seg i hatten for Dark Funeral i dag. Sjølv om det fell inn i rekka av gode svartmetallkonsertar. Dei leverer ikke noko nytt på nokon måte, men likevel ein god konsert i det store og heile. Ei god oppvarming til laurdagen med Kampfar og 1349, og ein god start for dag 2 på Tons!