Foto: Øystein Bagle-Tennebø


Ein god konsert skal vere meir enn berre det musikalske. Show, å vere tilstades, og kommunisere med publikum på ulike måtar. Det er overraskande mange som ikkje klarer å levere på dette. Ein konsert kan vere musikalsk brilliant, men likevel knele pga manglande show eller kommunikasjon. Det er kanskje ein grunn til at Dimmu Borgir har overlevd so lenge i denne bransjen? Dei leverte iallfall frå øverste hylle fredag på Main Stage. Ein kan kanskje lure kor hul ei hand kan vere for å romme so mange, og Shagrath og resten av orkesteret har blant dei hulaste hendene i dette sirkuset. For dei hadde den enorme folkemengda i sine hule hender.



Det er klart det hjelp å ha sitt eiget anthem ein kan starte ballet med for å få i gang folket. Dimmu Borgir funkar heilt vanvittig bra for å å få publikum i rette stemning. Derfrå og ut var det berre kos. Shagrath hadde menigheta i ryggen. Eg forstår at kristenfolket stiller seg skeptiske til Dimmu. Eg er sikker på at Shagrath hadde fått med seg 95 prosent av dei frammøtte til å gjere alskens rituelle satangreier.

Eit anna musikalsk høgdepunkt i konserten var Gateways der ei diabolsk Agnete Kjølsrud var med som gjestevokalist. Dette er ein knakande feit låt, og stemma til Kjølsrud løftar den eit par hakk. Samtidig har ho ei sceneframtoning som gjer seg saman med Dimmu. Eg fekk assosiasjonar til norske folkeeventyr og Huldra sjølv!



No kan det sjølvsagt vere lov å spørre seg om det virkelig kunne dere naudsynt å fyre opp ein vegg av pyro i det allereie steikande sommarvêret på Ekebergsletta. Ikkje minst sidan det var strålande sol frå skyfri himmel, og effekta forsvann litt i sommarettermiddagen. Men kult som krutt likevel Og det hadde ei viss effekt at dei fylte området frå Ekebergsletta til Simensbråten med svovelrøyk før dei kom på.

Dette var iallfall utruleg bra! Fredagens høgdepunkt så langt, utan tvil!