Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Det er ikke til å unngå å nemne det forferdelige som skjedde natt til dag 3. Dei utruleg triste drapa i Oslo sentrum har sendt ei sjokkbølge gjennom oss alle. Bokassa oppfordra alle til å sende ein ekstra tanke til dei berørte og samlast om god musikk og godt selskap på Ekebergsletta denne siste dagen på årets Tons of Rock. I skrivande stund vart det òg markert med eitt minutt stillhet under Wig Wam sin konsert på Main Stage. Det var sterkt. Ein stad der folk møtast med eitt mål for auge; høg lyd og mykje ståk, var heilt stille. Det var ikkje fritt for at det pressa seg fram ei tåre eller tre i presseteltet.



Nok om det. Vi skal prøve å gjere det vi har kome hit for; å kose oss med rock i alle former. Norske Bokassa starta ballet i dag på Scream Stage med sin stonerpunk. Det var utruleg deilig å kunne la seg henføre til kjappe gitarar og feite riff.

Vokalists Jørn Kaarstad hadde ei kjapp opplæring i å gje ut plate. Ein enkel regel: ikke gjer det midt i ein pandemi! Dei har klødd i fingrane etter å kome seg ut for å spele låtar frå det nye albumet, og drog like greit på med tre av dei på rappen. Det gjorde dei godt, og det lukta svidd. Og ikkje pga pyro ...

Bokassa var so i overkant spelekåte at dei pløgde gjennom settet sitt so fort at dei var ferdige heile fem minutt før oppsatt. Spelegede og enorm entusiasme. Akkurat slik vi likar artistane våre! Dette tyder til å blir ein bra dag trass alt.