Foto: Øystein Bagle-Tennebø
Kampfar er eit av dei banda eg har høyrt ein del på, men aldri fått ut fingeren og kome meg på konsert med. Ei skam, sjølvsagt, men slik er livet. Eg har sjølvsagt høyrt mykje om at det brukar å vere gode konsertar. Eit show. Vokalists Per-Joar Spydevold, betre kjent som Dolk, er ein perfekt frontmann. Full av energi og med eit publikumstekke som mange heilt sikkert misunner han. Han klarer å løfte det heile til eit nytt nivå.
Det meste sit som det skal. Lyden er god og ein klarer å få med seg det meste av nyansane i musikken. Dei har holdt på sidan 1994, so det står ikkje på knallgode låtar å velge mellom. Ein av tinga eg likar med det musikalske hjå Kampfar, er at dei klarer å vere tunge, aggressive og beksvarte, samtidig som dei får fram musikken. Vokalen er ikkje berre snerring, men til tider ganske melodiøs. Innanfor sin sjanger, iallfall. Dette gjer at det blir til noko meir enn nok ein svartmetallkonsert.
Dolk seier at det er veldig uvant å spele i dagslys, men at han vil ta oss med til ein plass der det aldri er lys. Til Helvete, og då bryt det laust i publikum. Seinare ber Dolk publikum danse rockarens dans. Denne dansen kan ikkje samanliknast med det dei fleste forbind med dans når orkesterleiaren ber publikum om å danse. Det tar eitt sekund frå han byr opp, til det på nesten magisk vis blir rydda ein nærast perfekt sirkel foran meg, og moshpiten er i gang. Gåsehud!
Høgdepunkta låtmessig var nok Urkraft og Mylder. Eg likar det godt, og lar meg rive med.