Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Eg må innrømme at eg var veldig i stuss om eg skulle anmelde denne konserten då den var ferdig. Den blei diverre øydelagt av dårleg lyd. Vokalen var for lav, gitarane forsvann, og det var jamnt over ein begredelig seanse. Eg har likevel valt å gje konserten 7 av 10 kun av hensyn til bandet. Dei gjorde det dei kunne og at eg såg på klokka opp til fleire gongar skuldast ikkje dei. Det er so utruleg trist når eit godt band får ein heil konsert øydelagt av dårleg lyd.



Dette blei ikkje den intense og kroppslege påkjenninga eg hadde håpa på. Joda, dei leverte ein vegg av lyd, men det var meir ein vegg av lydgraut. Dette problemet har eg vore bort i fleire gongar på Vampire Stage under årets Tons of Rock. Dette burde dei ha fått orden på no på siste dag, men den gang ei.

Eg vel å legge ut nokre bileter eg tok samt det eg oppfatta av setlista. So kan den som vil heller sette seg ned og lytte gjennom den på eiga hand.

Sculptor of Flesh
Slaves
Through Eyes off Stone
Golem
I am Abomination
Stand Tall in Fire
Atomic Chapel
Dødskamp
Abyssos Antithesis