Konserten startar med ein video på den store skjermen bak på Scream Stage til lyden frå Garden of Earthly Delights frå In Cauda Venenum som går rett over i Heart in Hand. Slett ikkje verst, men eg er framleis spent på om vi kjemt til å bli servert noko gammalt òg. Det blir det! Kanskje min aller største favoritt Ghosh of Perdition er neste lå ut! Dette er ein vanvittig bra låt som let minst like bra live som på album. Slik er det alltid med Opeth; dei klarer å få det til å høyrest live ut samtidig som det er nesten som på albumet. I tillegg får Mikael Åkerfeldt det til å sjå so lett ut. Han er født til å stå på ei scene.
So går det slag i slag med annakvar "ny" og "gammal" Opeth. Alle sangane blir supplert med feiande flotte videoer på skjermen bak dei. Noko som er med på å løfte opplevinga heilt til topps.
Opeth-fansen er delt i kva dei synest om Opeth frå og Heritage. Eg forstår kva dei tenker på. Albuma frå og med den er utan growling, og eg kan i og for seg forstå at ein kan like Opeth best med growling. Men alle som seier at til dømes Sorceress er dårleg, kan ta seg ei pære! Eg kan ikkje forstå at nokon som var på Ekebergsletta i kveld kan finne på å seie at det er ei dårleg låt. Den er so vanvittig seig og feit og digg at ein nesten kan bli religiøs. Eg er stiv i nakken frå headbanginga!
At konserten blir avslutta etter berre ein time er sjølvsagt ikkje Opethe sin feil. Det er berre so ufattelig synd, for eg kunne lett å stått ein time til. Minst! Sjølv om det er eit meget godt plaster på såret at dei avsluttar med Deliverance! Fabelaktig!
Dette var årets konsert, og for min del ei perfekt avslutting på årets Tons of Rock. Takk for meg og vi snakkast på sletta neste år!