Foto: Øystein Bagle-Tennebø


Det var ei lukkeleg attforening for ein stappfull og utselt sal. Menigheta til kultbandet fikk det dei kom for – etterkvart. Det tok iallfall ein god time før dei drog i gang hitparada. På slike vekkelsesmøter for gæmlisar, er det klart at det er stort sett det gode gamle ein kjem for.

Det var ein usedvanleg snakkesaleg og munter Pixies-vokalist Frank Black som sto på scena. Dei opna med ein nedstrippa versjon av Wave of Mutilation (som dei for øvreg tok ein litt meir up-tempo versjon av seinare) før dei skrangla vidare med mykje av det nyare materialet. Dei sat ikkje heilt i fingrane på bandet, men Black sjølv meinte at ein måtte tåle sopass ein onsdag kveld, og ga vel stort sett blanke i kva alle andre tenkte. Det virka litt som dei tok denne delen som ei øving på nye låtar. Sjølv om bandet fann saman att i 2004, slapp dei ikkje ny musikk før i 2014. Sidan då har bandet gjett ut fire album, like mange som i gullalderen 1988-1991, og då er det kanskje ikkje meir enn naturleg at det blir ein del nye låtar?



Gamlingane holdt det gåande i to timar, og det tok seg opp i andre time. Denne delen var energisk og full av hits. Det var nesten som det var to ulike konsertar, og avslutningstimen kunne like gjerne vore Pixies anno 1990-ish, storhetstida til Boston-bandet då dei bana veg for Nirvana og dess like. Her fikk menigheta velkjende låtar som Hey, Carabou, Monkey Gone to Heaven, Here Comes Your Man og Where Is My Mind. Sjølv om det nok var ein del som syntes det var rart dei ikkje spelte Gigantic. Det som var litt ekstra moro var at dei drog ein cover av glaswegarane Jesus and Mary Chain: Head On.



Oppsummert var nok dette ein kveld for fansen. Og det var vel stort sett det som var der. Det var visst rundt 40 under 30 år, og det er sjeldan underteikna har vore på ein konsert der snittalderen er so høg. Var dei nøgde? Det trur eg, sjølv om eg synes det var relativt fullt i foajeen utanfor hovedsalen på Sentrum Scene, og eg syntes det var litt murring rundt forbi: Det var ein litt kjedeleg fyrste time, og det trakk ned.