Foto: Øystein Bagle-Tennebø




Torsdag 23. mars var det duka for ein kveld via stoner- og doom-metal, med eit innslag av noko eksperimentelle greier. Blå er flinke til å sleppe til band som ikkje alltid kjem på plakaten til dei litt større scenene. Sjølv om desse banda burde få sjansen å vise deg der òg! Torsdag var det iallfall gutane i Golden Core som sto som headlinarar, og hadde tatt med seg WTFFSTTF (What The Five Fingers Said To The Face) og Uma for ein kveld med tunge gitarar og growling/snerring. Og ein slik kombinasjon blir aldri feil!

Eg vil skryte av oppvarmingsbanda som båe to leverte varene, og eg vil spesielt trekke fram Uma som eit meget lovande band. Desse kjem eg til å følgje med argusauger. Makan til feite gitarar og knallharde trommer. Og levert med sopass med fynd og klem at både gitarist Eirik Waadeland og trommis Eivind Ditleiv Molin starta konserten i baris! Eg håpar dei kjem med album snarlegen, og gler meg til neste konsert med dei.



Golden Core drar i gang med Fimbultýr og Rúnir Skal Rísta, etter eit dikt lest på islandsk (?) av ein gamal krok. Det set stemninga godt, og eg tar meg i å glede meg til oppfølginga. Kom dei til å spele heile ablumet Fimbultýr? Det gjorde dei ikkje. Iallfall ikkje heilt. Dei spelte mesteparten av det, men hadde med blant andre Dark Night og (The Devil Speaking) Last Explosion frå singelen med same namn. Og det er lett å gløyme at dei har laga ein so vakker og nedpå låt som Lite Vet Mennesket, men dei gjorde ein aldeles nydeleg versjon av denne. I tillegg fekk vi ei eksklusiv premiere på ein av låtane frå det komande albumet Tåkeheimen. Det kjem tidleg i 2024. Det gledast!

Gitarist Simen Jakobsen Harstad og trommis/vokalist Thor Sandal er godt samspelte, sjølv om det er litt oppstartstrøbbel med lyd, og bass som streika i DI-boksen. Men dei tok desse tinga på strak arm og lot seg ikkje vippe av pinnen. Sjølv om trøbbelet var med heile konserten og blant anna lyden på trommene forsvann i starten av den eine låta. Personleg var eg litt skuffa over dårleg lyd på vokalen, men forsto omsider at den var mykje betre litt bak i salen. Det er ikkje bandet sin feil, men eg trekk eit poeng på karakteren likevel. Det gjorde konsertopplevinga mi LITT dårlegare.



Når det er sagt, eg digga dette. Dei er veldig scenevande og leverer som om det var dette dei alltid har drive med. Spesielt Sandal bak trommene har ei naturleg ro og framtoning som gjer ein skulle tru han har minst 20 år til på baken. Harstad på gitaren virkar litt meir inneslutta, og kunne med fordel fridd litt meir til publikum. Men han kan traktere gitaren på ein slik måte at han får heller få lov til å stå med ryggen til publikum i store delar av konserten.

Alt i alt var dette ein strålande kveld og neste gong skal eg syte for at eg står lenger bak slik at eg får med meg den vanvittig kule snerrevokalen til Sandal!