Foto: Øystein Bagle-Tennebø
Ute var det ein varm og fin septemberkveld, men ein kunne ikkje la det øydelegge for seg. For i det ein dukka inn døra på for Sunn O))) sin konsert på Blå blei vi møtt av ei atmosfære av mystikk og forventing, og det var tydeleg at publikum var klare for ei musikalsk oppleving utanom det vanlege. Kveldens konsert var den fyrste av tre på tre dagar på Blå, og duoen blei denne kvelden varma opp av Runhild Gammelsæter og Lasse Marhaug.Konsertserien har fått namnet “Shoshin Duo” etter det buddhistiske konseptet Shoshin som går ut på å lære med eit "begynnarsinn"; som gjer opp forutinntatte førestillingar til fordel for openheit og radikal iver. Denne tilnærminga har et naturleg slektskap med Sunn O))) sitt modus operandi. Duoen (for denne gonen er dei her berre som dei to originalmedlemene) har alltid vore kjent for å utforske grensene av kva som er mogleg innanfor drone- og doom-metal sjangeren, og denne kvelden var ikkje noko unntak. Bandet sine karakteristiske dronande gitarar fylte rommet som ei tordensky, og det var umogleg å ikkje la seg rive med av den mektige lyden. Samtidig passar “begynnarsinn” på assosiasjonane av starten på verda musikken ga. Eg hadde bilete av primærsuppe og jordas tilbliving under heile konserten.
Konserten byrja sakte, med ei lang, hypnotisk intro som drog publikum inn i ein djup transe. Gitaristane Greg Anderson og Stephen O'Malley stod som monument på scena, omgitt av tåka, medan gitarriffa deira sakte bygde seg opp og vibrerte gjennom heile kroppen. Det var knappe to timar med seig, seig droning og ekstremt volum. Det dirra i heile salen, og underteiknande kjem til å slite med øyresus lenge. Vel verdt det, altso!
Det var ikkje berre musikken som var imponerande denne kvelden; det visuelle sto i perfekt harmoni med det musikalske. Store mengder røyk og eit imponerande lysdisplay skapte ei visuell oppleving som ramma inn heile opplevinga. Det føltes som om ein hadde blitt transportert til ei anna verd, der tid og rom mista si tyding; til starten av Alt.
Konserten heldt fram i snaue to timar utan pause, og det føltes som om tida fløyt saman i ei kontinuerleg bølgje av lyd og energi. Publikum vart dratt inn og ut av ulike soniske landskap, frå dei djupaste, mørke avgrunnane til augneblinkar av forløysande eksplosjonar.
Sunn O))) avslutta konserten med ei intens crescendo som rista heile Blå og etterlet publikum mållause. Det var som om dei hadde teke oss med på ei reise gjennom tid og rom, og då musikken til slutt stilna, var det som om vi hadde blitt kasta tilbake til verkelegheita etter ei magisk oppleving.
Konserten med Sunn O))) på Blå i Oslo denne kvelden var ei oppleving som vil bli hugsa lenge. Bandet leverte ei kraftfull og overveldande framsyning som tok publikum med på ei reise inn i det ukjende. Det var ei musikalsk oppleving som var like hypnotisk som ho var intens, og ei påminning om kvifor Sunn O))) fortset å vere pionerar innanfor sin sjanger. For dei av dykk som skal torsdag og fredag: gled dykk!