Foto: Øystein Bagle-Tennebø

Denne konserten hadde eg gleda meg veldig til, samtidig som eg hadde vore meget spent og litt nervøs. Ein ting er å levere til gull på album, men kunne dei klare å spele dette ut live? Kom Johannes Thor og Simen til å klare å formidle stoffet sitt like bra frå ei scene? Det var det ingen grunn til å tvile på.



Men fyrst tenkte eg å kjapt nemne oppvarmarane denne kvelden. GC hadde henta inn Orkangerduoen Nagir?almmiid. Det er veldig godt å høyre at det spirer og gror i den litt røffare delen av Musikknoreg. Desse kan nå langt, og kan lære masse av Golden Core. Eg gler meg til å følgje med på desse to.



Nuvel. Kveldens hovudattraksjon var Golden Core. Salen var ikkje heilt full medan oppvarminga heldt på, men fylte seg godt opp før duoen kom på scena. Frå dei kom slentrande ut frå garderobene, var det ikkje noko slinger i Valsen. Etter å ha entre scena, gjort ei obligatorisk helsing til publikum, dundra dei i gang med ein kraftfull liveversjon av Busublæn. Den funkar uhyre godt som fyrstelåt. Den har ei nesten suggerande roleg opning som går over seige gitarar, buldrande trommer og snerrande vokalar. Allereie frå start er det klart at JT og Simen er på scena for ingen ting anna enn å vise at dei har alt der å gjere. Dei har ei ro over seg som er beundringsverdig. Dei virka meget godt skodd. Og heldigvis lydmessig godt skrudd!



Etter ein kjapp visitt til andrealbumet, tar dei fatt i det nye eposet, Kosmos Brenner og vi får eigentleg heile albumet i rekkefølge no, berre brutt opp av Fimbultýr og Rúnir Skal Rísta. Berre for å vise at dei har laga meget konsertvenleg musikk sidan starten! Og etter ei aldri so lita kunstpause back stage, kjem dei tilbake og fullfører med stil med Dark Night frå fyrstealbumet, og ein seig trio frå andrealbumet: Villist Vættir, Blóð og til slutt Hrafnaspá. Ein konsert som er regissert ned til fingerspissane er over. Og for ein konsert!

Det som imponerer meg mest er kor leikande lett dei båe to får det til å virke. Riffkongen Simen Harstad ser ut får det til å sjå ut som han ikkje har gjort anna i heile livet enn å stå på scena og spele gitar. Gitaren virkar nesten som ei forlenging av armane hans. Fingrane spring lett over strengane og han tryllar fram dei røffaste riffa og dei mest smektande tonar utan å miste smilet han har stort sett under heile konserten. Eg er ikkje eit sekund i tvil om at han kosar seg glugg der oppe! Johannes Thor ser minst like komfortabel ut der han angrip trommesettet med ein aggressjon og intensitet som kunne skremt vatnet av gud og kvar mann. Men samtidig med ei mors ømhet for sitt barn. For ein duo. Eg bøyer meg støvet. Dette er på øverste hylle!



Golden Core er ein duo, men på kveldens konsert har dei gjort eit meget smart trekk. Dei har invitert med seg fleire for å løfte denne konserten heilt til topps. Andreea Maria Dumitrel på fele, Anitra Beatrice Meyer på vokal, Elias Wallumrød på gitar, steelgitar, keyboards osb., og sist, men ikkje minst Eirik Waadeland (Ruun og Uma) på gitar og vokal. Det er kanskje dumt å trekke fram enkeltpersonar av desse fire som alle gjorde ein fabelakteg jobb, men gitaren og growlinga til Waadeland: Wow! Berre Wow!



Dei som ikkje var på Parkteatret denne laurdagen gjekk glipp av noko stort! Ein konsert som for underteiknande kjem til å gå inn på ei meget eksklusiv toppliste. Dette var moro!