Foto: Terje Dokken
Det var vel eigentleg ikkje vanskeleg å sjå kva band dei aller fleste var kome til Ekebergsletta for å sjå onsdagen på årets Tons of Rock. Om ein hadde gjort ei kjapp telling, var nok godt over 50% av metall-skjotene på sletta av typen Metallica. Sjølvsagt var det òg stappfullt foran Scream Stage lenge før bandet skulle gå på. Det var mange som ville sikre seg ein god plass for å få med seg heltane i Metallica. Sjølv møtte eg meget spent opp litt seint, og hamna eit stykke bak. Det var likevel mogleg å sjå Papa Het og gjengen på store skjermar på sida av scena. Det som irriterte meg litt var at skjermane var delt opp, og ein fekk ikkje eit stort bilete, men fleire oppstykka. Litt rart. Men, men. Dei er Metallica, og kan vel gjere nesten som dei vil? Eg var uansett mest spent på korleis Lars skulle klare seg bak batteriet …. Og om det var mest nytt eller gamalt materiale.
Då dei kjente og kjære tonane til Ecstasy of Gold endeleg ljoma ut av høgtalarane, fekk ein gamal og avstumpa kar faktisk gåsehud. Det trur eg det var fleire som fekk, for jubelen sto til himmels! Dei var litt seine, men det er visst noko som heiter fashionably late. Dei opna med Whiplash, ein god gamal klassikar frå Kill ‘em All, og eg kjente at forventningane steig. Eg synes faktisk den elles stødige Kirk Hammett hadde litt rusk i maskineriet, for det var ikkje alle riffa som sat heilt som dei skulle. Når det er sagt, det er litt digg at ein høyrer det er live og ikkje playback. Då kunne ein like gjerne sitte heime og høyrt på plata.
Det var ein tent gjeng. Papa Het var i toppform, og stemma var umiskjenneleg James Hetfield. No har han sjølvsagt ikkje den same snerten som for 40 år sidan, men kven har vel det? Likevel fekk han stemninga opp og publikum sang med på dei rette stadane. Han kan sitt publikum, han James.
Eg må diverre innrømme at sjølv om dei gamle framleis er eldst, har dei gamle blitt litt rustne. Eg synes det er fleire stader at Kirk ikkje heng heilt med i fingerspelet, og det er litt teknisk smårusk her og der. Det virkar som enkelte parti rett og slett har blitt litt for vanskelege for han. Det er synd, for han har alltid vore tight og levert godt dei gongane eg har høyrt dei før. Og Lars rotar det til ved eit par høver, og det blir av og til litt rumlete og ting går ikkje heilt opp alltid. Framleis aukar han tempoet drastisk frå det fyrste partiet i One med doble stortrommer. Det har han gjort kvar gong eg har sett dei, so no lurer eg på om det faktisk skal vere slik? Men det er ikkje slik på albumet. Uansett øydelegg det litt opplevinga mi av ein episk låt som fortener det aller beste.
Av høgdepunkt må eg trekke fram Seek and Destroy, Am I Evil (der dei faktisk fekk med seg Brian Tatler frå Saxon som laga låta i si tid) og coverversjonen Kirk og Rob drar av CC Cowboys-låta Vill, Vakker og Våt. Det er ein fin gest til Noreg at dei plukkar ut ein låt og lærer seg den ila dagen for å framføre den. Rob klarer seg meget godt på norsk, og Kirk tilfører litt Kirk-magi til gitarsporet, og dei framfører den beste versjonen av låta eg har høyrt. Men eg saknar meir frå ... And Justice for All, og spesielt Harvester of Sorrow og Blackened.
Oppsummert synes eg Metallica leverte ein god konsert. Eg har sett dei betre før, men trass i litt rusk her og der, var det deilig å sjå dei att. Dei fylte på med gigantiske badeballar, pyro og rakettar, noko som tilførte litt ekstra spiss til konsertopplevinga, og eg trur alle som var møtt opp koste seg. Det var allsang og taktfast hoing frå dei omlag 40.000 i publikum. Og gutane avslutta (heldigvis, holdt eg på å seie) med Master of Puppets og det er aldri feil! Eg var ein glad og nøgd (og øøøørlite skuffa) mann som gjekk frå Ekbergsletta i går kveld.