Det var duka for ein time i den kalde vinterverda Blashyrk. Abbath hadde skrapt saman nokre av dei beste låtane frå Immortal og presenterte dei til oss på Vampire Stage fredag på Tons of Rock. Etter noko som såg ut som eit litt mislykka forsøk frå scenemannskapet til å rulle ned eit gigantisk teppe av ansiktet til Abbath foran på scena, entra dei fire ekstremmetallarane scena. Liksminka som seg hør og bør. Om Abbath var forbanna for det mislykka forsøket veit eg ikkje, men han leverte varene.

Abbath har uttalt at han gler seg til å kome tilbake på scena i sommar for å framføre nokre gamle favorittar som han ikkje har spilt på lenge, lenge. Sitat frå han sjølv: “Merk mine ord – Det kommer til å bli høyt og episk!” Eg kan skrive under på at det var høgt! Og episk. Med seg på scena har han Ole Andre Farstad på gitar, Andreas Salbu på bass og Ukri Suvilehto bak trommesettet. Dei veit kva dei driv med, for dette sparka godt frå seg! Eg trur ikkje det er so mange rådyr att i skogen bak scena, for å seie det slik.



Eg likar Abbath sjølv, han Olve. Det er so mange i den sjangeren som er so fordømt seriøse og skal vere so skumle og sinte heile tida. Og dei virkar so humørlause mange av dei. Utan at eg heilt kan forstå kvifor. For all del, Abbath er både skummel og sint. Han kunne nok skremt dei fleste om han hadde banka på døra ein sein halloweenkveld. Men han har humor og det virkar som ei (metall)bøtte med sjølvironi. Han vartar opp med crab walken sin, han dansar noko som kan likne på steg frå ein pols eller kanskje ein springar. Og smilet ligg aldri langt unna. Slikt diggar eg!

Eg er ein gamal krok blitt, og er ikkje lenger like stødig på å få med meg alle låtar som blir spelt. Likevel er eg ganske trygg på at dette er ganske spot on set lista. So får de korrigere meg om eg er heilt ut på dei blashyrske viddene.

Mount North
Sons of Northern Darkness
Norden on Fire
One by One
Tyrants
Damned in Black
The Sun No Longer Rises
At the Heart of Winter
Withstand the Fall of Time
Blashyrkh (Mighty Ravendark)



Nok ein gong ein konsert som utan tvil gjer seg best i mørkret. Både musikalsk, stemningsmessig og pyromessig. Flammar og gnistar mistar litt effekta i solskinet på Vampire Stage. Men ein forrykande konsert eg på koste meg på. Og det såg ut til at alle dei andre gjorde òg.