Foto: Øystein Bagle-Tennebø
Fins det nokon som ikkje har høyrt ei Judas Priest-låt? Eg tvilar. Bandet som har holdt det gåande sidan 1970 er vel meir eller mindre allemanneige. Eg trur til og med foreldra mine har høyrt om dei. Ikkje at dei likar musikken, men dette er eit namn som er like kjent som Metallica. Minst! Og dei var ein del av dei banda med NWOBHM Lars Ulrich var so glad i då han i si tid starta bandet sitt. Og for dei som lånar øyret sitt til Radio Rock av og til, kan eg garantere at dei har høyrt Breaking the Law. Den har vore på heavy (pun intended) rotasjon på kanalen sidan stasjonens morgon.
Kledd i skinn med naglar entra bandet scena. Dette har vore uniforma til bandet, og iallfall frontmann Rob Halford sidan barnsbein. Eg trur eg ikkje tek munnen for full når eg seier at Halford har gått i skinnknikkers sidan han entra verda på eit sjukehus i Walsall midt i England ein varm sommardag i augst 1951! I Noreg er vi fødd med ski på beina, Halford er fødd i skinnbukse og skinnjakke! På Wikipedia-sida hans står han òg oppført med “Also known as: Metal God.” Intet mindre. Og den statusen har han fortent! Det er ikkje mange som har inspirert so mange som kanskje nettopp Judas Priest. Til og med dagens metallband har nok fått inspirasjon frå det engelske bandet.
Kanskje det mest imponerande med kveldens opptreden er stemmeprakta til Rob Halford. Det er ikkje anna enn eneståande at han har klart å behalde den makalause stemma. Mannen er 72 og pushar 73! Det er det ikkje mange andre som har. Gåsehud heile vegen. Creds!
Klassikarane sit laust i kveld. Rob og gjengen vartar opp med den eine låta meir kjent enn den andre. Panic Attack, Breaking the Law, Crown of Horns, Sinner, Turbo Lover and the list goes on. Det er ikkje vanskeleg å fylle ein konsert med slægers for eit band med so mykje å ta av! Det går slag i slag, og det er eit høgt tempo og godt driv på scena. For meg som eigentleg ramla inn i Judas Priest på ein klassetur i 1988, er det sjølvsagt litt kjedeleg at det ikkje er låtar frå Ram it Down, men det skal eg leve med.
Frå sekundet bandet går på scena til Black Sabbath War Pigs til dei går av etter tredje ekstranummer, til tonane av We are the Champions av Queen har det vore heavy metal for alle penga. Allsang og taktfast publikum. Halford kastar ikkje vekk tida til småprat mellom låtane, men bankar ufortrødent på. Eg er mektig imponert over at han klarer å halde koken so lenge. No skal det seiast at han er ikkje den som hoppar mest rundt, men travar litt i sirkel rundt på scena. Det virkar uansett til at han kjem til å halde det gåande og vil vere living after midnight i mange år til!