Foto: Øystein Bagle-Tennebø
All them Witches var eit nesten heilt ubeskrive blad for meg. Eg har høyrt litt på dei, men kan ikkje seie eg har mykje kjennskap. Men det vesle eg har fått med meg, har for so vidt vore groovy og lyttbart. Og eg tenker at når eg fyrst er på festival, er det mi forbanna plikt å sjekke ut nye band. Og Cavalera er alltid ein sikker vinnar, og sidan den gjekk meir eller mindre samtidig, valde eg vekk thrashbrørne. Var det eit godt val? Vel …
Eg lurer på om All them Witches har finne opp ein heilt eigen sjanger. Shoegaze har eg høyrt om før, og det dei leverte på Moonlight var noko i den duren. Men når gitaristen ser på klokka i låt nummer 2, må det vere lov til å lure litt. Watchgaze? Er det nye?
Diverre var det sympotmatisk for heile konserten. Bandet var uengasjert, viste ingen glede, og prøvde ikkje ein gong å få med seg publikummet. Og det var ein del av dei i teltet. Iallfall i starten. Det såg ut som om ein del av dei faste mosharane og surfarane var møtt opp, for teltet har so langt (iallfall det eg har fått med meg) levert musikk med høg moshfaktor. Dei forsvann ganske fort … Eg syns eg fekk med at vokalisten sa at Tons of Rock var den siste konserten på turnéen dei var på, so det kan forklare litt. Kanskje var dei dritlei musikken sin, dritlei kvarandre, og hadde tankane ein heilt annan stad. Gitaristen lurte kanskje på om han kom til å rekke ølsalet? Ikkje veit eg.
Men. Det er eit stort men her. Musikalsk er det jo groovy og dei har ein del feite riff. Dei er dyktige instrumentalistar, og har nokre låtar med litt skeiv takt, og det er stort sett alltid kult. Det riv meg i hjartet når dei øydelegg kule låtar med eit snork av ei opptreden. Det kan vere at Tons-leiinga kanskje burde satt dei opp som siste band i teltet for festivalen? Det var iallfall nachspielstemning, spør du meg.
Oppsummert vil eg gje All them Witches cred for det musikalske og trekk dei mange poeng for konsertopplevinga. Eg håpar dei kan betre.