Foto: Øystein Bagle-Tennebø
Og no; noko heilt anna
De polske svartmetallbandet Batushka, har ei brokete historie. Det har vore ein del uenighet om kven som har retten til bandet, og sjølv etter ein lang og hard rettskat, rår det vel framleis litt tvil. Det fins i dag to versjonar, ??????? og Batushka. Det var, etter det eg veit, sistnemnde som stod på scena i teltet laurdag på Tons of Rock.
Batushka er eit band som lenar seg veldig på ortodoks mystikk og kostymer. Tekstane er på gamalt kyrkjeslavisk, og dei går i religiøse habittar og ortodokse ordnar på scena, og skjuler identitetane sine. Scena er fylt av hodeskallar, eit alter, eller ein slags talerstol, og det er levande lys og slaviske kors. Før konserten startar for fullt, er det to “kyrkjetenarar” som går rundt og kveiker lys og røykelse, og det luktar søtt i heile teltet. Ei for so vidt velkoma greie med tanke på alle dei svette og meir eller mindre uvaska kroppane som står tett i tett for å få med seg messa.
For det er ei religiøs messe. Ypperstepresten går rundt og messar mellom snerrevokalen, og les høgt frå ei (uhellig?) skriftebok. Han driv med ulike gestar med hendene og gjer etter kvart korsets teikn fleire gongar. Om det er eit oppned kors eller ikkje, får eg ikkje heilt med meg. Eg har diskutert med andre om det var satanistisk eller ikkje, men vi kom fram til at det var iallfall religiøst på den eine eller andre måten.
Musikkeni bølgjer mellom messing og svartmetall. Dei to gitaristane bruker båe åttestrengsgitarar, og tryllar fram det eine feite riffet etter det andre. Det har til tider eit enormt driv og tempo, so mosharane og surfarane får det dei kom for. Det er ei stadig bølgje av folk som flyt fram til festivalens usungne heltar; securitasvaktene som står foran og syt for at alle kjem seg uskada ned på jorda att. Makan til jobbing er det lenge sidan eg har sett. Fotografane i piten blei åtvare på førehand at om det blei for mykje folk som kom framover, kom vi til å bli sendt ut sporenstreks. Heldigvis starta ikkje den store bølga før etter at vi var gått ut.
Ein konsert med Batushka er ei oppleving. Det er ikkje mykje energi på scena, eller fart i showet, men musikken driv det fram og heile opplegget rundt mystikken og det religiøse gjer det til ein stråland konsert. Dette vil eg gjerne sjå meir av, og då helst på eit mørkt, trangt lokale. Då trur eg det blir komplett. Det øydelegg litt at det er so lyst, samt at musikken frå Vampire stage forstyrrer i dei rolegare partia.