Foto: Øystein Bagle-Tennebø
Festivalens siste konsert for min del blei Satyricon. Tenkte det var greitt å gå ut med eit sabla smell. Og det gjorde det so absolutt. Det var ein tent Sigurd Wongraven som sto i front og ein fandeinvoldsk Frost bak trommene på Vampire Stage laurdagskveld. Det var faktisk fem år sidan sist dei sto på ei norsk scene, so vi snakkar om eit aldri so lite comeback! Sist dei var på Tons of Rock (2019) spelte dei heile Rebel Extravaganca frå start til slutt. For øvreg vil den merksame lesar sjølvsagt hugse at Sigurd faktisk var på scena under fjorårets Tons of Rock, så som korgutt for Pantera då dei framførte Walk.
Dei blei ikkje satt opp på hovudscena i år heller, men dei har i det minste gått opp eit hakk og hamna på Vampire. Eit lite skritt opp, men likevel hadde dei nok kunne gjort ein god figur på hvoudscena òg. Dei er trass alt verdas største svartmetallband. Nok ein gang kan det diskuterast om svartmetall gjer seg ute i det fri, mens det framleis er lyst. Dette hadde nok gjort seg aller best innahus. Evt. ute på svarte natta.
Nuvel. Låtane satt som ei kule, og Sigurd og co vartar opp med klassiker på klassiker, og viser lett kvifor dei er dei største. Dette er so kult. Og publikum er med. Til og med veirgudane er på Satyrivon si side. Sola går bak mørke skyer, og skjenker oss nokre dråpar regn. Det er kun for å sjekke at vi har tæl. Og i følge Sigurd er det massevis av tæl i oss. Ingen skal kome her og vise eit norsk svartmetallpublikum at dei ikkje har tæl. Vi ler i ansiktet til eit par lusne regndråpar. Likevel skal eg vere blant dei fyrste til å innrømme at eg var glad at dei blei med dei få dråpane …
Av alle dei feite låtane vi blei servert, må eg nok trekke fram Now, Diabolical, Deep Calleth Upon Deep, Fuel for Hatred og ikkje minst avslutningslåta K.I.N.G.. Gåsehud frå start til slutt. Elles måtte vi jo sjølvsagt overgå det franske publikumet dei spelte for dagen før med tidenes kor på Mother North. Det trur eg jaggu vi klarte. Det var ikkje ein som ikkje sang med! Digg å vere ein del av dette. Og sjukt kult at Satyricon framleis har det som skal til, og leverer som om dei ikkje skulle hatt fem års pause frå oss nordmenn!
Satyricon avslutta for min del ein fabelakteg festival! Eg kunne ikkje tenkt meg ei betre closure (evt. bortsett frå om det var Opeth då, sjølvsagt) på denne langhelga. Episk, knallhardt og med eit Satyricon i storform som virkeleg gjorde comeback med stor C! Fette tøft, som dei sei nordaførr! Eg forstår kvifor dei er verdast største! Takk for dette Satyricon og takk for i år Tons of Rock! Vi sjåast nok heilt sikkert att!!