Foto: Terje Dokken


Eg var i alle fall framfor hovudscena på Ekebergsletta. Og det er eg jaggu meg glad for. For dette var ei hending med historisk sus. Mykje fordi det var det fyrste besøket på norsk jord for brødrene Josh, Jake og Sam Kiszka og kompisen Danny Wagner. Men også fordi det er lenge sidan eg har opplevd ei så stor entusiasme i eit såpass stort publikum for ein genre som dette. Muligens ein klisje, men eg seier det likevel: dette lovar godt for framtida til real rock og triggerfri tromming.

Nå var det langt frå så ville tilstandar som det vi har sett tendensen til under konsertar i heimlandet til kvartetten i det siste, men stemninga var på grensa til elektrisk på delar av sletta allereie ei god stund før Greta Van Fleet gjekk på. Og når bandet plutseleg står planta på baklyst riser bakerst på scena, utan at ein einaste intro har kome frå PA-en, er det fleire enn dei hylande ungjentene ved dei fremste barrikadene som får ståpels.



Og så: «We´ve had tons of rock today, and there will be more. Smoke them if you got them. Clothing is optional” som ei stutt verbal helsing før åpningsriffet på The Falling Sky treff oss høgt, hardt og godt.

Derifrå og inn er det bortimot rein borteseier for Greta Van Fleet på ein noko kjøleg sommarkveld i Oslo. Det er tøft, tight og tidvis vakkert frå start til slutt. I det heile fint lite å utsetje på noko som helst.

Om Greta Van Fleet kun hadde vore her for å please dei yngste blant fansen, hadde dei nok valt å droppe dei lange og leikne versjonane av Highway Tune og Runway Blues. Men så er det også blant anna dette som viser at bandet har substans og verkeleg noko å fare med i konsertsamanheng. For min del bidreg dette også til å gje konserten eit musikalsk løft. Kvartetten si vilje og evne til å tilpasse låtvalet så til de grader (settet i Oslo var til dømes temmeleg annleis frå konserten i Sverige), er også eit teikn på at dei ikkje er ute på sommartur for å safe og vera forutsigbare. Her er det fleire og langt meir erfarne storheiter som har mykje å lære.

Og om du i tillegg greier å sjå forbi Josh sine noko tvilsomme val av kostyme (var du der, så veit du kva eg meiner), er det vanskeleg å ikkje la seg rive med når du får såpass botnsolid gromrock servert på festivalmenyen.



Sjølv om bandet forsvinn noko brått frå scena, kan det godt vera at ein time og eit kvarter er ei akkurat passe dose Greta Van Fleet på ei konsertscene. Det kunne fort ha vorte litt vel intenst med høgfrekvent vokal over for lang tid om dei hadde dratt til og gjort som enkelte andre headlinerar på Tons of Rock: køyrd på med tett på to og ein halv time. Kan hende det er det stramme settet som også bidreg til at det kjennest meir enn komfortabelt å gje solide 9 av ti plekter til band og arrangør for ei framifrå avslutning på årets Tons of Rock.

For ordens skuld: eg har sjølv vore blant kritikerane som skrukka på nasen da bandet i si tid dukka opp som ein musikalsk blåkopi av Led Zeppelin, og visuell kopi av Plant og Page. Og eg er også blant dei som har vorte tårøygd av glede både av den myrkaste metallen og eit botnsolid, men noko rutineprega Metallica, på årets Tons of Rock. Men alt i alt blei nok fleire av dei langt meir erfarne banda, Metallica inkludert, sett litt på sidelinja av Greta Van Fleet under årets Tons of Rock.