Foto: Øystein Bagle-Tennebø
Det fins folk som rett og slett er irriterande flinke. Simen Jakobsen Harstad er ein av dei. Han får det til å sjå so leikande lett ut og trylle fram dei vakraste tonane frå ein gitar. I går sto han på scena på MIR i Oslo saman med bandet Himmelskip og leverte ein imponerande konsert for full sal.
Du kjenner kanskje att namnet Simen Jakobsen Harstad. Han var den eine halva i Golden Core, bandet som for ei veke sidan kunngjorde at dei ga seg som band. Sjølv om du kjenner att mannen, kjem du nok ikkje til å kjenne att musikken. Eg fekk ein kort prat med Simen før konserten starta, og på mitt spørsmål om kva som venta musikalsk, svarte han med eit smil at det var iallfall eit godt stykke frå GC. Spennande. Og det var heller ikkje heilt som METI som var fyrste band ut. Det var klink jazz. Flinke folk, men ikkje heilt opp mi gate, sjølv om eg skal innrømme at eg hadde “konsert-nikken” stort sett gjennom heile settet deira.
Nuvel. Det er visst viktig å utfordre eigne fordomar og kome seg utanfor den ofte litt trange boksen ein har bygd rundt seg. Kan det hende det fins gull i musikken utanfor ekstremmetallen? Skeptisk … Men eg skal ikkje vere han som set seg på bakbeina og nektar å prøve. Sei ein ting om meg, sei at eg ikkje er blitt altfor gubbete. Steve Jobs sa ein gong noko om at det handlar om å vere open for nye moglegheiter og villeg til å ta risiko. So der sto eg, på MIR og venta på noko eg ikkje ante kva var.
Himmelskip er i tillegg til Simen, Elias Wallumrød på gitar og pedalsteel, Torjus Klykken på bass og Tobias Rønnevig på trommer og harmonium (!). Om eg skulle beskrive musikken, ville eg starte med å seie at dette er instrumentalt, og vidare at det er ei saleg blanding av country, folkemusikk, litt innslag av Iver Kleive og Knut Reiersrud, Lumen Drones, Camel (utan vokal) og ørkenrock. Desse fire lagar musikk som du forstår er ganske variert, men som likevel har eit særpreg. Det er både det heilt nedpå og nakne, og det meir fartsfylte og bråkete. Der eg personleg får mest ståpels, er på låtane der dei trøkker litt til. Då svingar det noko alvorleg og eg smiler i takt med dei fire på scena. For dei smiler! Det ser ut som dei diggar det dei driv med og det er veldig godt å sjå musikkglede i full blom.
Eg er veldig glad for at eg tok utfordringa og reiste på MIR denne torsdagskvelden. Alle konsertar treng ikkje vere mørke, røykfulle og ekstreme i uttrykket, sjølv om det klart at det hjelp ... Av og til er det befriande å utvide horisonten med musikk som rører andre strengar inn i meg. Når eg i tillegg stiftar kjennskap til andre scener, er det vel ein vinn-vinn? MIR var ikkje stort, men det var ein kul stad. Og det såg slett ikkje ille ut og sitte i flyseter og nyte ein konsert. Det såg iallfall lokkande ut for ein gamal krok. MIR blir drive av Grünerløkka lufthavn, so det er klart at trommis Rønnevig fekk eit kjempepluss frå meg då han slo til med kveldens dad joke: “Vi går inn for landing med siste låt …”. Makalaust! Ikkje gå glipp av Himmelskip neste gong sjansen byr seg. No er eg mest spent på om det kjem album snart.