Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Kva skal ein seie? Det er berre so utruleg kult når ein konsert innfrir. Eg skal innrømme at eg var meget spent, og hadde enorme forventningar til Sibiir denne laurdagskvelden i oktober. Sistealbumet, Undergang, har vore hyppig spelt av meg sidan det kom, og spørsmålet før alle konsertar er alltid om banda klarer å levere same energi som på album. Klarer dei å få ut krafta frå innspelinga? Klarer dei å dra med seg publikum inn på den vegen dei hadde tenkt seg då songane blei skrudd hit og dit i studio for å få det akkurat slik dei ville? Forventingane blir ikkje akkurat skrudd ned når eg har sett Sibiir live før! Eg veit kva dei kan. Som sagt; dei kunne denne kvelden òg!

Dei banka showet i gang på same måte som det nye albumet; Divergence and Deceit og Placid Waters. Dei la lista høgt, og kom seg godt over! Publikum merka med ein gong at dette var eit tent Sibiir! Vokalist Jimmy Nymoen spratt rundt som ei Duracellkanin på speed og det virka som han berre koste seg. Då eg snakka med han før konserten, sa han at han ikkje var heilt frisk, men det såg vi ikkje noko til! Makan til kul vokalist er det ikkje mange av i Noreg. Han gjer full pupp frå start til slutt, og interagerar med publikum heile vegen. På eit tidspunkt er han i piten foran scena og handhelser på alle dei som står ved gjerdene, so er hoppar han frå trommesettet, seinare crowd surfar han på publikum, og alt dette utan å miste so mykje som eit ord frå teksten! Dette likar eg.



Sibiir er ikkje berre vokalist Nymoen. Det er ein tight gjeng som er på scena. Dei to gitaristane riffar seg gjennom dei 14 låtane meisterleg. Det er ikkje råd å høyre feilskjær i det heile. Riffa sit akkurat som dei skal, og dei få gitarsoloane som fins, blir utført med teknisk finesse og Gausemel og og Grønneberg får det til å sjå so enkelt ut. Bassist Kent Nordli og Eivind Kjølstad på trommene syt for at fundamentet aldri er utrygt. Dei er stødige og gjer jobben for resten av bandet til ein leik. For det ser ut som dei leikar på scena. Samtlige smiler frå øyre til øyre, og ingen i publikum kan tru noko anna enn at dette er stas for bandet. Noko dei seier fleire gongar, og det er nesten som dei synes det er vanskeleg å tru at det er kome so mange for å sjå på dei. Parkteatret var nok ikkje heilt utselt, men det var fullt og meget god stemning. Dei som valde Enslaved på Rockefeller i staden, gjekk glipp av ein stor konsert!



Setlista for kvelden var ei god blanding av gamalt og nytt. Det var flest låtar frå Undergang som ikkje er so rart når det var ein slags releasekonsert, men det var ein del klassikarar frå tidlegare album òg. Blant anna ein personleg favoritt, Blurred Flickering Pictures! Det er ein heilt vanvitteg bra låt! Og dei leverte den om mogleg enno seigare og brutal live enn på album! Det var kveldens gåsehudaugneblink, på grensa til tåre-i-augekoren-moment!

For dei som ikkje fekk med seg konserten i går, eller som ikkje bur i Oslo, er ikkje alt håp ute. Sibiir fortset turnéen og kjem til Stavanger, Kopervik, Trondheim og Ålesund om ikkje lenge! For dei som bur i desse områdene: kjenn di vitjingstid! Du kjem ikkje til å angre eit sekund om du går på konserten. Eg vil heller påstå du kjem til å angre om du IKKJE går! Dagens enklaste og sterkaste oppmoding: Kom deg på Sibiir-konsert!