Foto: Øystein Bagle-Tennebø
Kva skal ein seie? Er det noko som ikkje er sagt eller skrive om Opeth før? Ein konsert med Opeth er litt som Kvelden før Kvelden: Du veit kva du får. Ribbe som skal få sprø svor, Hovmesteren som snublar i tigerhovudet (eller var det bjørn?), og ein eller annan kjendis som snakkar om jula frå barndomen. Men vi vil jo ha det! Ein går liksom ikkje lei det. Slik er det med ein Opeth-konsert. Vi veit at det blir kult, vi veit dei spelar litt ymist av gamalt og nytt, og vi veit at det er stand up frå Mikael mellom låtane. Og vi diggar det!
Onsdag var det litt småtrøbbel med gitaren til Mikael i starten, og han virka ikkje heilt nøgd der han periodevis sto og growla seg gjennom The Leper Affinity utan gitar. Men han gjennomførte som den proffen han er. I tillegg synes eg stemma hans skurra litt på dei lysare clean vocal-partia på dei tre fyrste låtane. Men dette er småpirk i det store biletet. Opeth er eit tvers gjennom musikalsk band. Dei leverer alltid, og det er nesten som å lytte til dei på album.
Som alltid er vokalist Mikael Åkerfeldt ein mester på banter med publikum. Dei tørre vitsane sit som vanleg like laust som 50-eurosedlane på eit fransk horehus, og publikum responderer med latter og kommentarar tilbake. Det er klart, sjølv om ein får respons frå Mikael på ein kommentar, treng ein ikkje repetere same kommentaren 100 gongar til etter det. Vi fekk det med oss, vi høyrte deg fyrste gongen. Han responderte på kommentaren din … Elles har eg sjekka: Ringnes-Ronny er ei greie. Han fins og det var IKKJE noko du hadde drøymt, Mikael. Sjølv om resten av gutane i Opeth ikkje hadde fått med seg fenomenet Ringnes-Ronny.
Opeth spelte 4 av låtane frå det siste albumet, The Last Will and Testament, og dei sat som skudd. Personleg skulle eg nok ønska at dei hadde tatt med §2 sidan den låta har to parti med det tøffaste eg har høyrt av riff på lenge. Men, men. Ein kan ikkje få alt som ein vil … Eg let meg uansett aldri slutte å imponere over kor tight bandet er. Dei får det til å sjå so lett og uanstrengt ut. Skal eg likevel pirke litt, synes eg ikkje at ein del av gitarspelet på A Story Never Told sat heilt. Det var litt stakkato til tider og faktisk under det eg hadde forventa. Men dette er flisespikkeri, og ikkje noko som eg synes gjekk utover totalbiletet av konserten. §3 var heilt perfekt gjennomført og kom virkeleg til sin rett live.
Vi som har fulgt bandet ei stund veit at Opeth på album gjekk bort frå growlinga ein periode, men live har dei alltid spelt growlelåtar. So det var difor ei glede då det nye albumet kom og dei røffe growla var tilbake. Når det er sagt, Opeth har laga låtar utan growling som dei aller fleste andre band berre kan drøyme om. Noko eit av låthøgdepunkta Sorceress er eit strålande vitne på. Og apropos feite riff. Fy fela for eit riff den låta har! Milde måne! I tillegg til den låta, må eg dra fram The Leper Affinity, Ghost of Perdition, Deliverance og §3 som framkalte mest gåsehud. Nok ein makalaus konsert frå Opeth!