Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Onsdag 19. februar 2025 hadde ekstremmetall-fansen kjent si besøkelsestid og møtt opp på Rockefeller! Dei amerikanske metall-banda Cattle Decapitation og Shadow Of Intent reiser i desse dagar rundt saman på turneen «The Terrasitic Reconquest». Dette var ikkje ein kveld for sarte sjeler!

For dei som ikkje kjenner banda, er Shadow Of Intent eit amerikansk metallband, opphavleg danna av Ben Duerr og Chris Wiseman i 2014. Musikalsk er det ein miks av death metal og black metal ispedd symofonsike element, eller kanskje kortare fortalt Deathcore. Kveldens konsert var bandet sin fyrste i Noreg.

Cattle Decapitation er òg frå USA, og har holdt på sidan 1996. Bandet kombinerer element frå death metal, grindcore og black metal med djuptgåande og provoserande tekstar. Dei har fått brei internasjonal anerkjenning for sine briljante tekniske ferdigheiter, og for sitt engasjement for miljø- og samfunnsspørsmål. Med eit namn som Cattle Decapitation (halshogging av kveg) kjem det nok overraskande på dei fleste at to av medlemene er vegetarianarar. Dei er opptatt av dyrevelferd og songane har tema som protesterer mot utnytting og konsum av dyr, og set ofte menneske i situasjoner som dyr ofte er i, som dyreforsøk, slakt osb. Ei litta fun fact er at det ikkje er nokon av dei originale medlemene att i bandet, sjølv om vokalist Travis Ryan har vore med sidan 1997. Det er ikkje fyrste gong dei spelar i Oslo, men tidlegare har dei i følge vokalist Ryan spelt på det han smått artig kalla for John Deere (les John Dee, men eg reknar med du tog'an?), og fyrste gong dei var her, spelte dei for berre 30 stk. Kontrasten er stor til eit fullsatt Rockefeller denne onsdagskvelden!



Til å varme opp publikum på «The Terrasitic Reconquest», har CD og SoI tatt med seg Vulvodyna og Revocation. Og varme opp publikum gjorde desse to banda so til dei grader. Det var ein heiltent gjeng som hadde mosha og crowdsurfa eit par timar allereie då Shadow of Intent sparka i gang med ein glitrande We Descend…. Vokalist Ben Duerr leverer godt heile vegen, sjølv om eg synes det i enkelte parti der han skriksnerrar ikkje heilt kjem godt ut i salen. Det kan ha med mi plassering, men det kunne godt ha kome betre fram. Growlinga hans er fabelakteg primalsk og sender gåsehud nedover ryggen fleire gongar i løpet av konserten. Eit godt døme er under The Heretic Prevails.

Resten av bandet er utruleg samspelte og teknisk meget kompetente. Eg er eigentleg litt imponert over at ein klarar å levere på so høgt teknisk nivå i det høge tempoet store delar av konserten går i. Noko som gjeld mange i metallsjangeren. Der likevel mange bommar litt og går litt i ball, klarer gitarist Chris Wiseman og trommis Bryce Butler seg plettfritt. Og når eg fyrst nemner trommis Butler, det er ikkje mange band som framleis køyrer trommesolo på konsert, men på Rockefeller får Butler utfalde seg bak trommene. Nostalgisk.



Deahtcore er ein aggressiv og sinna sjanger, men eg synes likevel at bandet kunne ha kosta på seg eit smil eller to, og kanskje litt dialog med publikum? Litt meir enn berre “I can’t hear you” og dess like, men alle kan ikkje vere Mikael Åkerfeldt heller ... Likevel hadde eg kost meg i den gode timen då dei avslutta med ein knallhard The Tartaurus Impalement der Deurr nok ein gong fekk vist fram kva som bur i stemmebanda hans.

Etter ei pause for omrigg, entra kvintetten Cattle Decapitation scena med The Carbon Stampede. Det gamle munnhellt med å gå ut i maks fart for so å auke på jamnt utover, dukka kjapt opp i hovudet mitt. Det stemte godt, for dei fulgte opp med The Prophets of Loss. Her var det berre å feste setebeltet, for dette kom til å ha høgt tempo frå start til slutt!



Vi fekk ein time med solid, ryggmagsrystande aggresjon, både teknisk kompetent framført, og samtidig likefullt fyllt med aggresjon. Travis Ryan står med høgre foten godt planta på metal(sjølvsagt)benken på scena og skrik inn i ansiktet på den tilbedande mengda medan han headbangar so svetten sprer seg over dei fremste radene. Han er like energisk som musikken. Det er veldig deileg å sjå. Han er trass alt heile 10 dagar eldre enn meg, so det er flott å sjå at energien held seg langt opp i åra.

Set lista er henta frå dei fire siste studioalbuma, og mest frå dei to siste. Utan at det virkar for at det er nokon på Rockefeller som saknar noko …

Eg likte godt at Ryan tok seg tid til hoppe ned i piten og dele ut både high fives og klemmar til dei frammøtte under den nesten 10 minutt lange avslutningslåta. Elles var det fleire surfarar som fekk eit handshake då dei landa i piten etter ei runde med surfing mot front. Dette er bra. Det var elles lite publikumsinteraskjon frå bandet.



Eg vil hylle gutane i svart i piten! For ein makalaus jobb dei gjer. Det var ikkje mykje snakk om vinterferie for dei. Gutane (for det var berre guter denne kvelden) sprang i skytteltrafikk for å ta vare på dei som kom surfande framover publikum, og sytte for at dei kom heilskinna ned på bakken att. Det gjekk på helsa laus, iallfall såg det ut til at ein av dei blei skada i løpet av kvelden, men han kom sterkt tilbake og tok i mot dei surfande, like blid og skjerpa som alltid. Kudos til Pro Sec-folka. Takk for at de tar vare på folk!