Foto: Øystein Bagle-Tennebø



So var faktisk kvelden her. Kvelden der vi skulle ta avskjed med eit stort band. Musikk-Noreg blir ikkje det same utan. To unge gutar har valt å forlate oss. Dei har sikkert sine gode grunnar, men det gjer det ikkje mindre trist likevel. Golden Core har hatt sin plass (og har det heldigvis framleis i musikkhistoria) på den norske musikkscena, og vore kompromisslause og laga det dei sjølve har villa lage. Dei har gjort alt sjølv heile vegen. Dei har ikkje ville hatt eit plateselskap i ryggen som skal bestemme korleis dei skal sjå ut eller kva plate dei skal lage. Det er nok denne kompromissløysa som gjer at dei no tek avskjed med oss. Bandet har alltid hatt eit ønske om å oppretthalde høg kvalitet på produksjonane sine, noko som ikkje lenger er berekraftig, og dei vil ikkje la dette gå utover integritet og musikalitet. Dei gjer seg på topp. Det står det respekt av! Det er nok mange som kunne lært av dette …



Etter å ha blitt varma opp av til tider sakrale toner frå den norske stonerduoen Buskas, dundra ein av dei nye remiksane Tåkeheimen over PAen, før Simen og Johannes Thor entra scena. Dei drog i gang med ein strålande Buslubæn som sparka akkurat der den skulle. Det var tydeleg at dette var ein konsert som prega dei to unge herrane, for den elles so sjølvsikre og stødige Johannes Thor virka tynga av stundens alvor og missa eit par takter i starten. Det var berre litt digg å sjå, for det betyr at dette var viktig for dei! Og at dei er menneske som oss andre dødlege. Det var berre i heilt i starten av fyrste låt eg merka noko, so det gjekk seg meget fort til.

Konserten var lagt opp slik at dei spelte heile Kosmos Brenner fordelt på to “set”. Etter opningslåta Buslubæn, entra dei gode hjelparane scena til tonane av Ár avr Alda og saman spelte no sekstetten fire låtar frå albumet. Dei gode hjelparane var Amanda Marie Nielsen, Anitra Beatrice Odine Meyer, Elias Wallumrød Orning og Eirik Waadeland. Alle unge, talentfulle og spennande personar som eg er sikker på vi kjem til å sjå på ei scene ved seinare høver. So gjekk desse av scena og duoen leverte to feite versjonar av Fimbultýr og Rúnir Skal Rísta frå Fimbultýr. So kom alle på scena att og dei spelte gjennom dei fire siste. Dette fungerte godt og det var moro å sjå kor godt musikken til Golden Core fungerer både med berre gitar og trommer, og med fullt band med fele og steelgitar!



Det måte sjølvsagt bli ekstranummer på ein avskjedskonsert! Det seier seg sjølv. Då fekk vi eit par låtar frå debutalbumet Norwegian Stoner Metal. Dei opna ekstranumrene med Dark Night frå debuten, og avslutta karriera med Hymn of Balder (Baldrskviða). Dei lagde strålande musikk allereie som pur unge gutar. Eg er imponert og det var fint å få den påminninga.

Ein ting eg alltid har likt med Golden Core er at det ser ut som dei kosar seg med det dei driv med. Det er stort sett smil heile vegen, og det er ingen tvil om at dette er der dei høyrer heime. Dess tristare blir det å vite at dette er siste gongen. Ein annan ting er at dei er uhyre kompetente på instrumenta sine. Det ser so leikande lett ut det dei driv med, men eg veit betre. Dei er berre usakleg flinke. Nesten irriterande. Nesten ... Eg diggar dei, og dei er to superhyggelege gutar som eg kjem til å sakne.



Det var ein rar augenblink då siste tone hadde lagt seg. Dett var dett, som Fleksnes ville sagt. Aldri meir Golden Core. Det var to takknemlege gutar som takka for følget, og eg reknar med det var fleire enn meg som sto med ein ikkje so liten klump i halsen og ei pitte lita tåre som klødde i augekroken. Dette var både ein strålande konsert og ei vemodig oppleving. Takk for musikken, gutar! Musikk-Noreg blir ikkje det same utan dykk! Kvil i fred!