Foto: Øystein Bagle-Tennebø
Fredag kveld var det duka for ein brutal aften på Goldie. Celestial Scourge hadde invitert til sleppefest for albumet som kom i februar i år, Observers of The Inevitable. Med seg hadde dei unggutane i Ålesund-bandet Nidhög (som for øvreg skal spele på Tons of Rock etter å ha danka ut 300 andre band i Postens Bandkonkurranse 2025) og Arendalittane i Vorbid. Nidhög sin aggressive thrashdeath traff godt i mellomgolvet på underteiknande og det varma å sjå at denne sjangeren får stadig tilsig av dyktige, sinte unge menn. Kanskje vi kan få fleire dyktige, sinte unge kvinner inn i sjangeren?
Etter å ha blitt godt varma opp, kunne vi endeleg ta i mot Celestial Scourge. Dei satte av garde i halsbrekkande tempo med Advent of Deities. Lyden var mektig og det dundra i ryggmargen frå fyrste riff. Brutalt, aggressivt og fartsfylt. Akkurat sann vi likar det! Eg må seie at Goldie var eit perfekt val av scene. Publikum står nærmast på scena saman med bandet, og det blir ei veldig god kontakt. Vokalist Waadeland er god på publikum, og har oss med frå start til slutt. Resten av bandet er like kontaktsøkande, og det er smil og latter gjennom heile settet. Speleglede og pur musikkentusiasme gjer kvelden makalaus. Det kunne kanskje vore litt meir futt i publikum, for det var god plass til mosh pits på golvet, men det kom ikkje heilt i gong. Det var tillaup til slikt, men det blei aldri den store cirle piten. Då måtte etter kvart Waadeland sjølv ta saken i eigne hender, og tok med seg mikrofonen ut på golvet og satte i gang sjølv. Beundringsverdig!
Å spele nesten ein time med brutal dødmetall er ikkje for pyser. Alle låtane går i eit forrykande tempo, og det er både teknisk og kjapp musikk som krev sin kondis. Dette klarer Celestial Scourge å levere, sjølv om dei “klagar” mellom låtane at det er for slitsamt. At det går for fort. Dei klagar med eit glimt i auge, og får responsen dei er ute etter. Eit unisont NEEEEI! frå publikum. Litt som Vidar i klassa mi på barneskulen som var dritgod på å teikne, men som alltid satte viskelæret på teikningane og sa at dei var stygge for å få responsen (spesielt frå jentene) “NEEEEEI! Den er dritfin!”. Det funka kvar gong!
Sidan dette var sleppefest for Observers of The Inevitable, drog bandet gjennom heile albumet kronologisk. Men dei krydra fint mellom desse låtane medd dei fleste frå EP-en Dimensions Unfurled òg. I tillegg fekk vi ein cover av Evisceration Plague av Cannibal Corpse. Ein cover som heilt klart viser at Celestial Scourge lagar låtar som er minst like bra, om ikkje betre, enn dei gamle bautaane i CC. Utan tvil. Ta til dømes Exterminated, Assembling Deformities og Insectoid Evisceration. Funkar som fjell både live og på album.
Eg må seie eg er meget imponert over bandet. Dei leverer so det ljomar! Dette var ei utruleg god oppleving, og akkurat slik eg likar konsertar. Knallhardt tempo, teknisk musikalsk ypparleg, humør og speleglede, og generell hurra-meg rundt heile vegen! Eg koste meg glugg, og håpar Celestial Scourge får halde på lenge med sin kosmiske dødmetall! For dette kan eg godt vere med på fleire gongar.