Foto: Øystein Bagle-Tennebø
I det intime og stemningsfulle Gildehuset på Midgardsblot 2025, tok Sylvaine publikum med på ei reise som var både vakker, tander og varm (det må ha vore over 30 grader der inne!). Sylvaine var utan band på scena denne kvelden, og med den eteriske stemma og nære tilnærming til musikken, skapte ho ei atmosfære som føltes som ei omfamnande ro midt i det ellers mørke og kraftfulle uttrykket til festivalen. Litt svulstig kunne ein kanskje sagt at det var som å få ein musikalsk klem!
Konserten balanserte mellom det sakrale og det personlege, og Sylvaine leverte med ei tilstedeværelse som gjorde at kvar tone kjendes ekte og nær. Favorittlåta Mørklagt var eit høgdepunkt, ei mørk og melankolsk perle som fekk rommet til å stå stille. Like gripande var hennar tolkning av den tradisjonelle salmen Eg veit i himmelrik ei borg, som ho framførte med ei slik inderlegheit at det kjendes som vi var i kyrkja og ikkje på Midgardsblot.
Det mest overraskande og rørande innslaget kom mot slutten, då ho framførte ein gripande coverversjon av Helvegen av Wardruna. Med Sylvaines særprega vokal og minimalistiske arrangement fekk denne kjende låta nytt liv, og det var mest som ei stille vandring mot det ukjende, men med håp i hjartet.
Sylvaine i Gildehuset rørte noko i meg. Det var ei varm påminning om at den vakre og den mørke musikken ikkje utelukkar kvarandre, men at dei kan leve side om side. God musikk kjenner ingen sjangergrenser!











