Foto: Navn Navnesen
Då Mork entra scena på Midgardsblot 2025, var det med ei kraft og ei tilstedeværelse som skil dei frå det jamne black metal-bandet. Dette var ikkje berre ein konsert, det var ei manifestering av norsk svartmetall på sitt mest ekte og kompromisslause.
Frå første riff i opningslåta Den Svevende Festning var det klart at Mork meiner alvor. Den mørke, suggererande stemninga låg tjukt over publikum, og bandet leverte med ei intensitet som både var tru mot sjangeren og full av personleg nerve. Født Til å Herske kom som eit slag i bringa, majestetisk, aggressiv og med ein autoritet som berre dei verkeleg store banda kan skilte med. Dei hadde dessutan fått med seg ei anna storheit i norsk svartmetall, Dolk frå Kampfar! Dette sparka godt frå seg!
I tillegg var både I Hornenes Bilde og avslutningslåta "Dype Røtter to låtar som sto fram. Her fekk ein kjenne på Mork sitt særpreg, ei blanding av tradisjon og ny retning, der røtene til norsk black metal får blomstre i eit moderne uttrykk utan å miste krafta si.
Mork leverte ei oppleving som står att som ein av dei beste black metal-konsertane eg har vore på. Dei har ei evne til å formidle både råskap og dybde, og det gjer dei til noko langt meir enn berre endå eit band i sjangeren. Dette var black metal med sjel, og det traff!











