Bandet skriver følgende på Facebook:
"Kjære du som har lytta, du som kom på konsert og du som jobba for at det skulle vere mogleg for Harrys Gym å nå ut til folk med mørk popmusikk med introverte tekstar:
Me gir oss i dag. Takk for deg og takk for nå.
Harrys Gym har vakse opp på same turnébuss, og oppløysinga er ikkje lettvint for den litle familien som me trass alt er. Men sidan det er blitt stadig vanskelegare for oss å jobbe mot same mål, er det på høg tid at me lausriv oss frå eit prosjekt som sannsynlegvis har gitt oss meir lykke og frustrasjon enn noko anna me har drive med.
Me har bestemt oss for ikkje å halde avskjedskonsert. Litt fordi det kjendest som om det har gått inflasjon i slike konsertar den siste tida. Men mest fordi eit sentimentalt farvel sjeldan blir eit musikalsk høgdepunkt – og det er dei me alltid har drøymt om.
Me kjem heller til å gjere det me kollektivt sett er best til, nemlig lage ein fest. Ein fest for Harrys Gym og for venner, kjente og andre som ønskjer å feire det som ein gong var.
Alle fire kjem til å halde fram med musikk på kvar sine vis, så me snakkast der ute!"
kjærleik,
Anne Lise Bjarne Erlend Ole
FLERE NYHETER

Stort slipp fra Øya!
Noen skikkelige høydepunkter blant dagens artister fra Øyafestivalen

Skotske legender til Norge
Gudferdrene av shoegaze feirer 40 år!
Fem nye navn til Tons of Rock!
- Med dagens slipp viser vi rockens bredde med både galskap og klassisk death metal. >>
Sirkelen sluttet for Tons of Rock-gründeren
Mads Martinsen hos Tons of Rock har en spesiell historie med Jokke >>