Spar 5 og Tina Foss gjev i ut That Time of Year, som dei beskriv slik:
- I sjelfull Motown-drakt tek That Time of Year lyttaren med på ei nostalgisk reise til dei små, varme tinga som fargelegg julehøgtida: Barndomsrommet med alle leikene intakt, mamma som baker på kjøkenet og pappa med eit lunt smil om munnen medan Sinatras velkjente røyst høyrast gjennom radioen. Låta skildrar kjensla av tilhøyring, fellesskap og tidlausheit, og minner oss om å setje pris på tida som går så raskt forbi.
Dei skriv at låta hentar stor inspirasjon frå 70-talet si soul og tiårets dansbare rytmar, med tydeleg referanse til mellom anna Donny Hathaway og Jackson Five.
- I ei moderne innpakking med fengjande groove, flerstemt vokal og julebjeller inviterer That Time of Year til både allsang og hoftevrikk.
Bandet har allereie gjett sloppe ei anna julelåt i år:
Spar 5 er eit bergensbasert band der medlemmene møttest under musikkstudia i Bergen for rundt ti år sidan. Dei speler speler poprock med norske tekstar. Låtane er inspirerte av eit breitt spekter av sjangrar, og dei har levert alt frå discorytmar til rock med høg allsangfaktor. Dei siste åra har Tina Foss vore ein naturleg del av bandet, både på scena og i studio
Bandet gav ut debutalbumet Snakkes i 2023, og skriv og framførar på sandnesdialekt.
FLERE NYHETER
Grateful Dead-grunnlegger er død
Bob Weir ble 78 år
Erlend Ropstad slipper låt med Lars Winnerbäck
Se musikkvideoen til «Stockholm»
Yungblud og Smashing Pumpkins samarbeider
Sammen har de spilt inn Yungblud-låten "Zombie" på nytt. >>










