Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Rosa Faenskap bles ut eit tiår med oppsamla sinne, redsle og melankoli i Jeg våkner snart. Låta er den siste smakebiten frå deira kommande album Ingenting forblir, og det perfekte lydsporet til apokalypsa.

Har klypt meg selv i ti år snart
alt er så rart, jeg våkner snart
Har ventet på en stor finale
alt er så rart, jeg våkner snart
Her er så underlig, her er så rart
Jeg våkner snart, jeg sover snart

Slik skildrar bandet det stadig voksande mørket som oppstår i sjela medan verkelegheita føles fjernare, vondare og skumlare for kvart år som går. Jeg våkner snart er eit kolossalt avslutningsspor med ei vill spenningskurve, der hamrande, atmosfærisk svartmetall blandar seg med mjuk, melankolsk post-rock. Mens aktivismen som pregar Ingenting forblir ofte taklar politiske kampspørsmål direkte, er finalen Jeg våkner snart langt meir introspektiv i sin bodskap. Låten utforskar korleis usikre tider og framveksten av fascisme pregar psyken på eit personleg plan.

På dagar der ein plagast av Weltschmerz og føler at verda spelar på sitt siste vers, er det godt å ha eit lydspor til apokalypsen. ROSA FAENSKAP stiller derfor med dommedag i musikalsk form.



Bandet spelar fem konsertar i Noreg i mars og april, og avsluttar turnéen i Sundsval i Sverige i mai.