Med seg har dei ekstremmetallistane frå nord i Vredehammer, med Valla frå Abbath som gitarist og låtskrivar. So longt har gjengen spelt for dei Europeiske massane til stor bravør og gode kritikkar og fullstappa lokaler rund baut.
- Vi tjuvstarta turneen med 3 konsertar på Vestlandet i oktober, og fekk knall respons. No har vi bevega oss ned på kontinentet, og hatt nokre fantastiske konsertar. Paris var ein “høydare” av dimensjonar. Ein strålande klubb med perfekt atmosfære, og det beste publikummet i Europa! I Leeds spelte vi på Damnation, og med fullsatt sal og fleire enn tusen mann var det den beste responsen vi har fått i UK nokon gong. I Rotterdam måtte vi nesten kansellere pga problemer med bussen. Vi ankom ein time etter at dørene opna, rigga på rekordtid, og hadde ein kanonkveld. No snur vi snuten mot Tyskland der vi skal gjere 4 konsertar, før ferda går vidare gjennom Danmark og Sverige før vi avsluttar på heimebane. Vi ser ekstremt fram til å rulle inn på Rockefeller i Oslo som eit innkøyrt maskineri torsdag 19. November." Jarle «Hváll» Kvåle frå Vreid er godt nøgd med turneen so longt og gler seg til avslutninga på Rockefeller i Oslo.
Gå inn på konkurransen vår for å vinne billettar til konserten.
Konkurranse
Rockefeller klar for svartmetall
Metall-tungvektarane Vreid og Keep Of Kalessin tek over scena på Rockefeller den 19. november i høve med Indie Recordings sitt 10-årsjubileum.
FLERE NYHETER
Lee Bains på norgesturné
Den amerikanske rootsrockeren skal spille fem solokonserter
Inspirert av islandsk skaldedikt
Bestillingsverk ble Liljas mest personlige album.
- Perfekt for bryllup eller kjærestetur
Una Sand feirer kjærligheten med ny single som er ute nå. >>
"Alt for Norge"-sanger med Tony Iommi
Se musikkvideoen her, med Black Sabbath-gitaristens nye vokalist. >>










