Foto: Maria Louceiro



For nokre år sidan bestemte Cult of Luna seg for å halde turneringa på eit minimum eine og åleine for å sørge for at dei ikkje skulle bli utbrent. Dei ville halde flammen og lidenskapen brennande. Likevel merka dei at opplevingane og minnene dei delte frå nesten 20 år på vegen har endre liva til alle i bandet. Turneringa har forma eit sterkt band mellom dei og dei har blitt som brør. I tillegg har dei fore so heldige å få moglegheit til å jobbe og bli kjent med mange fantastiske mennesker i heile verda.

Difor tenkte dei at det var på tide dei ga ut noko spesielt relatert til live-sida av Cult of Luna, og ikkje minst korleis dei har utvikla seg sidan dei ga ut live-DVDen Fire was Born i 2009. Å gje ut live-DVD og andre liverelaterte artiklar er alltid vanskeleg, men no var rett tidspunkt å gjere det slik at alle som ikkje har moglegheit til å sjå bandet live kan få oppleve det so nært opp til live som råd er.

Live-versjonen av Echoes frå albumet Salvation vi får servert her er meget godt gjennomført, og det er høg estetisk kvalitet over videoen. Om det ikkje er heilt det same som å sjå det live, er det ein vakker video til ein knallsterk song.

Sjå premiera på den heilt ferske videoen her.