No er hausten her, og den startar med nok ein ny låt i opptakta mot nytt album frå Påls Butikk. Gutta har blitt kjende for sine direkte in-your-face-låtar, men denne gongen har dei tatt ei meir kunstnerisk tilnærming med ai låt som både er lenger og forskjellig fra andre ting frå den kanten.

Låta heiter Hårball og sleppast på fredag 22.september. Etter stor suksess på Klubbdagen på Øyafestivalen, gler dei seg òg stort til sleppefest på Olsen på Bryn same dag.

Hårball handlar både om kor skjørt livet kan vere, men òg om korleis små val kan vise seg å vere både store og viktige.

Etter å ha vore vitne til at nokon fikk noko skikkeleg i halsen i vinter, slo det vokalist Mats Larsen kor mykje det liknar på hjelpeløysa når nokon bær på noko som er so tungt at det er nær umulig å få fortalt det.

- Få ting vil i ettertid fremstå som så storslagne i menneskers liv som når de har balansert på grensen mellom å være og ikke å være, men likevel har karret seg inn på riktig side. Hårball bare måtte bli litt pompøs, det var ingen vei utenom, seier han.