I samband med singelslepp av Spectral Friends 27. april, har Musikknyheter fått eksklusiv førpremiere på låta.

I løpet av året slepp Maraton debutalbumet sitt. Hovedtemaet til dette albumet er den mentale tilstanden eit menneske kan ha. Alle skjeivhetar og egenskaper som gjer deg til deg. Det er òg tematisert mange psykologiske hendingar som kan treffe deg på di lange livsline. Singelen Spectral Friends tek opp kor viktig det fysiske møtet mellom mennesker er.

Musikalsk er Maraton ein mix av pop, rock, metall og prog. Bandet har prøvd å sveise saman inspirasjon frå band som The Mars Volta, Muse og Meshuggah.

Seinare i år skal faktisk Maraton spele på Rising Stage på Roskilde.

Vokalisten, Fredrik Klemp Bergersen, kommentar singelen:
«Spectral Friends handler om å bygge relasjoner med folk uten å møte de. Over nettet, sosiale medier osv. I den moderne tid er der lett å bygge seg et nettverk totalt uten fysisk kontakt og det er mange som ønsker å bryte ut. Solen skinner. Sommeren er her! Det er på tide å nyte solen og spille Spectral Friends høyt med dine venner både på nett og IRL.»