Foto: Ingelinn Skurtveit Sandanger



Nyresvikt er punk, rock og hardcore som prøver å sparke deg hardt, før dei vil stable deg på beina att etterpå. Som spelast alt for høgt, men aldri bør spelast lavre.

Nyresvikt har turnert hardt med intense konsertar, i tillegg til å ha gjett ut nokre låtar tidlegare som til dømes Kjör På, har Nyresvikt nå signert med Raindrops. I mars slapp dei den politiske singelen Hurra, og no kjem neste singel, Folk Flest.

Tekstane er basert på utfordringar og hard livserfaring som ung kvit mann i verdas rikaste land, og der ein helst ønsker å rette ein langfinger mot etablissementet og staten, men endar opp med å gje den til seg sjølv. Låtskrivar Pål Einar Skorpen skriv både engelske og norske tekstar, men har i det siste skrive mest på norsk. Dei norske tekstane framførast sjølvsagt på kav nordlending.

Folk Flest er ute 4. mai.