Foto: Jo Bongard

Texas-bandet White Denim er klare for Fres Festival i Fresvik og Utkant på Skjerjehamn! Bandet som i slutten av mars ga ut sitt niande album “Side Effects” er tilbake i Norge for første gang sidan 2014.

White Denim har holdt det gåande sidan 2007 og gitt ut heile 9 kritikarroste album. Dei har tidlegare turnert med Wilco, og til sommaren er dei å finne på vegen i lag med Noel Gallagher’s High Flying Birds.

Det eklektiske rockebandet med - vokalist og gitarist James Petralli i front - er kjende for å vere eit av klodens beste liveband. Dette har dei gong på gong bevist på venuar rundtom i verda. Sjangermessig drar White Denim inspirasjon frå klassisk rock såvel som psykedelisk rock, jazz og soul. Eller rett og slett som The Guardian sa det “the last great rock & roll band!” Dette er eit band det umogleg å ikkje like!

"Endeleg har vi lukkast med å få eit av våre favoritt liveband til vår, med all mogleg sjølvinnsikt, vesle festival. White Denim har vore på radaren vår sidan "D" kom i 2011, og det føles heilt kjemperett at dei no skal headline saman med Kvelertak, ein laurdag i juli, på eit småbruk i Fresvik."




Fres Festival 2019 går av stabelen 25.- 27.juli, og har med det siste tilskotet følgande artistar på menyen: Kvelertak, White Denim, Team Me, Thea Hjelmeland, Frøkedal, Malin Pettersen, Pom Poko, Amgala Temple, Amanda Tenfjord, TØFL og Sista Bossen.


Utkant (25.-27.juli) har hittil bekrefta: Sondre Justad, Bjørn Eidsvåg. Dagny og ISÁK.