Foto: Therese C Wangberg

Scandirock favorittane i The Hellacopters og post-metalbandet Cult of Luna spelar på Malakoff-festivalen på Nordfjordeid.

- Vi i Malakoff diggar rock, så å legge til både The Hellacopters og Cult of Luna til årets program er usannsynlig tøft og viktig for oss. Begge banda har stått høgt oppe på ønskelista i mange år, og når beskjeden om at begge banda tar turen i år så er dette nesten litt for mykje av det gode, seier ein tydeleg nøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

LES OGSÅ: navn på link

The Helicopters er eit av dei viktigaste og største rockebanda i Skandinavia, og laurdag 18. juli gjestar dei Malakoff for å spele ein eksklusiv festivalkonsert på vesle Nordfjordeid. Svenskane har ein legendarisk låtkatalog, og bandet sin herlige blanding av punk, garasjerock og hardrock har skaffa dei mange fans både her til lands og rundt om i verda. Saman med Turboneger og Gluecifer var The Hellacopters pionerar i ei ny rockebølge på 90-talet som gjorde dei til evige kultfavorittar. Ein Malakoffdraum vert realisert når dei svenske rockeheltene står på Malakoffscena i sommar!

Post-metalbandet Cult of Luna har i fleire år blitt hylla som eit av dei absolutt beste livebanda i sin sjanger. Dei siste åra har dei vunne mange prisar og utmerkingar, og har eit rykte på seg for å spele storslåtte og apokalyptiske live-konsertar. I haust ga dei ut albumet «A Dawn To Fear», som er eit monster av eit album! Vi kan love ei storslagen og episk konsertoppleving med Cult of Luna på Malakoff20!

LES OGSÅ: Nok en knallsterkt utgivelse fra Cult of Luna

Malakoff vert arrangert på Nordfjordeid 16.-18.juli 2020 og har m. a The Hellacopters, The Hives, Nothing But Thieves, Flogging Molly, The HU og Astrid S på plakaten når 14 av 28 artistar er offentleggjort.