Foto: Jon Tønnesen




Thrash/groove metal er ein sjanger som er prega av raspete og skrikande vokal gitarar som er stemt ned, synkoperte riff og groovy rytmer. Pantera blir ofte sett på som er dei store pionerane innan sjangeren. Kristiansandbandet Zerozonic har sidan 2004 vore eit av dei norske banda som har satt sitt merke i sjangeren.

Det har gått tre år sidan dei ga ut forrige album, Zerozonic, men jobbar no med den neste skiva. Om alt går etter planen, skal det i følge gitarist og originalmedlem Daniel Olaisen sleppast like opp under jul i år. Allereie no har dei slept to låtar frå det komande albumet.

Vokalist Arvid Tjelta seier dette om dei to låtane:

- Devil's Seed handler om et bankran der "jeg" går guns blazing inn i bank, stikker av med politi i hælene, ender opp i en blindvei og velger å skyte og risikere død enn fengsel. Mens Road Tale handler om bandet på turné hvor vi ender opp et sted der alt er galt og går galt. Varm øl, stygge groupies, lydmann med én arm og Daniel får seg et kraftig støt som slår ut alle lysene. Men publikum og festen ble den beste vi hadde hatt.

I ei tid der det er det meste er prega av gravalvor og eit virus som ikkje akkurat byr opp til dans, er det befriande å sette seg ned med musikk som berre er fylt av speleglede og gje beng i verda rundt seg!