Foto: Vidar Landa

På albumet ‘Flora’ fortel Frøkedal & Familien om natur, einsemd og framandgjering i ei kald verd – og draumen om å høyre til, som me alle har i oss.

Dei musikalske banda mellom Anne Lise Frøkedal og musikarane i bandet Familien, strekk seg ubrote gjennom begge dei to tidlegare Frøkedal-platene, og eit stort antal konsertar. På tredjealbumet Flora, smelta Frøkedal & Familien saman til eit fullverdig kollektiv. Dei 10 låtane på plata blei spelt inn live i løpet av like mange dagar i studio.

Låtane på Flora strekk seg frå spirituell hippie-folk til indiepop og felerock. Det finst spor av skeiv tonalitet, norsk tradisjonsmusikk, eit glimt av blues, eksotiske klimpreinstrument og, på ei ellers engelskspråkleg plate, blir det brått sunge på etnedialekt. I det heile tatt kan det virke som om Frøkedal & Familien har nekta seg lite.

Flora er eit album med ei sjeldan musikalsk kraft. Ein augeblink fanga på plate, der bandet seinkar skuldrene, opnar augene og skapar musikk utan å begrense seg. Flora er lyden av tilknyttinga Frøkedal & Familien søkte og dei mange svara dei fann i floraen der ute. Hør albumet her

Plata er produsert av Frøkedal sammen med co-produsent Bård Ingebrigtsen som også står for miksing.

Frøkedal bidrar med ukas gjesteliste:

- Flora består av ti låtar som blei spelt inn live i løpet av ti dagar i studio. Her er ti låtar som inneheld mange av dei ingrediensane som vår eiga plate er brygga på:

- Hippie-folk, natur og åndelighet, allsang, orgel-noodling, gitaridolet Cate le Bon, heimelaga tradisjonsmusikk, glam-heksekor, ekstase, einsemd og isolasjon, dronete felekomp, klassisk låtskriving, rock, samspel og cajun, fortel Anne Lise Frøkedal til Musikknyheter.no

Opningslinja på The Incredible String Bands' Chinese White oppsummerer det heile fint:

The bent twig of darkness
Grows the petals of the morning




Vi har i fleire år skrive om og vore fan av Anne Lise Frøkedal sine ulike prosjekt. Her er eit utval av våre favorittlåtar frå hennar karriere til no.