Foto: Storm Drabitius
Tåkeheimen er det andre sleppet frå Kosmos Brenner som kjem 2. februar. Det er ei litt anna stemning enn tittellåta som dei slapp i november. Denne skilnaden gjer eit godt bilete på heile albumet, som er eit meir gjennomført, gjennomtenkt og dynamisk album enn forrigeplata. Denne gongen har dei lyst til å vise eit større spekter av musikalitet, og har gjort låtane meir varierte i intensitet og uttrykk. Lydmessig er det heilt klart Golden Core, samtidig som dei leverer noko nytt.
Kosmos Brenner er ei samling av oversette norrøne tekstar som beskriv Livet i motsetningar. Vi treng motsetningar for å kjenne at vi lev. Vi treng mørke for å nyte lyset. Vi har behov for kaos for å skape orden. Balanse er kanskje den raude tråden. Tåkeheimen beskriv det store gap, Ginnungagap, der den livlause urjotna Yme og avlar fram rimtusseætten ved at det høgre beinet parar seg med det venstre beinet. Dette truar balansen, og gudane drep dirfor Yme og av kroppen hans blir verda og kosmos skapt (slik vi kjenner den/det).
Natten lang
i Nivlheim
det mektige gap
Rimet klaker
verden braker
Dette er tøft! Eg er so heldig at eg har fått høyrt heile albumet, og tru meg: det er berre å glede seg til 2. februar!
PS: Musikknyheter kjem med eit lenger intervju med Golden Core i slutten av januar.