Sjølve tittelen er henta frå den gode, gamle herreekvipasjeforretninga, men songen har sjølvsagt eit meir illevarslande tema enn herremote.

Boys of Europe tek deg med på ein kort og intens berg-og-dal-bane-tur gjennom Europas historie med strid og krigføring. Ei historie som tydeligvis ikkje er over og klar for pensjonstilvære. Eit veldig pønkete tema om å senke skuldrane for tidleg. Ein slags pønkeversjon av å ikkje skulle selje skinnet før bjørnen er skutt.

I det du trudde du var ute, trekk dei deg inn att! SPRINGE! SLÅSS! DØY!

NAG er tilbake etter 6 år. Dei har ikkje akkurat blitt softare på denne tida, kanskje heller berre meir forbanna og med meir å sei? Boys of Europe er ute 12. april, men låta er ute i dag. Sjekk den ut her.