Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Det er ein song om korleis born slit med å møte forventningane samfunnet stiller til dei, og deira forsøk på å temme sitt eige kaos i jakta på "roleg farvatn". Songen inneheld alle dei klassiske SIBIIR-elementa frå blast-beats til store atmosfæriske pausar, men viser også ein ny og frisk side av SIBIIR. Det melodiske, allsang-venlege refrenget gjer at eg vil køyre for fort, eller drikke for mange øl. Perfekt for Wacken, eigentleg.

Albumet vart spelt inn i Caliban Studios i Storsjøen, Noreg, frå 23. september til 1. oktober 2023 av Ruben Willem. Ytterlegare opptak vart gjort i FrontRow Studio i Ålesund 20. oktober av Fredrik Ingebrigtsen, og i Brageveien Studio i Oslo 16. november 2023 av Øyvind Røsrud Gundersen. Miksa og mastra av Ruben Willem.

Ei litta fun fact mot heilt til slutt: Undergang markerer den 200. utgjevinga på Fysisk Format.