Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Golden Core annonserte dei trise nyhendene i ei kunngjering på sosiale medier fredag 13. september at dei legg opp som band i 2025 etter 11 år. Beslutninga er tatt med tungt hjarte, men dei ønskjer å avslutte medan dei framleis er på topp. Bandet har hatt ei fantastisk kreativ reise, og dei ser tilbake på prosjekta sine med stoltheit. Dei avsluttar som vener og er takksame for støtta frå fans, samarbeidspartnarar og familiar.

Hovudårsakene til oppløysinga er manglande motivasjon og kreativitet, samt økonomiske utfordringar i ein tøffare bransje og ein uforutsigbar konsertmarknad etter Covid-19. Bandet har alltid hatt eit ønske om å oppretthalde høg kvalitet på produksjonane sine, noko som ikkje lenger er berekraftig, og dei vil ikkje la dette gå utover integritet og musikalitet.

Golden Core vil oppfylle sine forpliktingar og ta farvel med fansen gjennom ein siste konsert på Parkteatret 5. april 2025, samtidig som dei skal gjennomføre alle annonserte konsertar i Danmark og på Island. Dei takkar alle som har støtta dei gjennom åra og ser fram til ei verdig avslutning.

Takk for ei spennande reise, gutar. Og lukke til vidare! Death is not the end! Gangi þér vel og takk fyrir tónlistina!