Foto: Charlotte Skomsøy

Oddny har i løpet av det siste året markert seg som eit vestnorsk pust norsk i musikkliv, ikkje minst med suksessen Oktober, Bergen by. Fredag ga dei ut låta Alma som markerer at våren nærmar seg

– Med den nye singelen viser vi at vi også kan å lage catchy popmusikk, seier bandet.

– Her snakkar vi drivande basslinjer, funky gitar og synthesizers. Inspirasjonen frå 80-tallsmusikken er framtredande. Samtidig held vi på det særeigne tekstuttrykket. Alma er tilbakeskuande; ein anleggsmaskinførar som drøymer seg tilbake til betre dagar, og lengtar etter tapt kjærleik.



Oddny har musikalsk hovudkvarter i Gamlehuset i Bremanger. I tillegg til stadig større fanskare, 20 veker på nasjonal P1 og ei rekkje utselde konsertar mottok bandet også Luttprisen 2024 i kategorien Årets nykommar. I 2025 er dei nominert til hovudprisen.

Oddny har inngått samarbeid med Standing Ovation Agency, og er booka til fleire store festivalar i sommar, blant anna Bergenfest på Koengen.