Premiere: VAK - The Birds of Earth
Med relativt ferskt album, feirar VAK med sleppefest og ny singel/video
VAK er eit Svenskt band som blandar fleire sjangrar og kan være vanskeleg å beskrive musikalskt, men befinner seg mest i sludge/stoner landskapet. Albumet Loud Wind kom i slutten av august, og dei har fått gode omtaler og Spotify-støtte.
No er dei klare med ny singel og video frå albumet, og skal feire dette med konsert saman med norske Dreamarcher på John Dee 17. oktober. Låta The Birds of Earth er i følge bandet sjølv den mest melodiøse på albumet. Bandet fortset:
- The Birds of Earth var den låta vi spelte inn sist, mykje på grunn av trøbbel med å bli heilt ferdig med den. Likevel er vi veldig nøgde med resultat! Teksten er basert på ei framtid der menneska ikkje lenger regjerer verda. Jorda er kolonisert av gigantiske, tattoverte fuglar. Det er ingen fuglar i videoen, men forsøker likevel å uttrykke ein liknande ubehageleg situasjon. Alle i bandet er med i videoen, saman med profesjonelle dansarar.
FLERE VIDEOER

Djerv – Reignbreaker
To uker etter låtslipp: Nå kommer den offisielle musikkvideoen til Reignbreaker.

MÍO - 'Kanke se for meg
Faren ved å være seg selv når man tilhører en minoritet.
Smerz - You got time and I got money
Den norske duoen er tilbake med ny singel og video, samtidig som de annonserer sitt andre album! >>
Bryan Ferry & Amelia Barratt - Loose Talk
Ny video fra prosjektet mellom sangeren og forfatteren. >>