In Flames var ein gong i tida eit strålande band. Dei fire fyrste albumene var med på å definere ein heil sjanger og gjorde at In Flames fekk ein stor fanskare. So - i 2002 - ga dei ut Reroute To Remain og noko var i ferd med å skje. Dei høyrtes annerleis ut, og hadde meir clean vokal enn før, utan at det såg ut til å plage fansen. Fleirtalet av dei syntes dette var fabelakteg. Verre skulle det bli, og på forrige album, Siren Charms, var det nesten ikkje til å tru at dette var det same bandet som hadde gjett ut Lunar Strain. Det var det vel strengast tala ikkje heller, med tanke på at ingen av dei som var med på Lunar Strain er med i bandet lenger … Jesper Strömblad som etablerte bandet slutta i 2010 som den siste originale medlemen. Mon tru kvifor ...

Battles har nokre tøffe riff frå tid til anna, men der stoppar det diverre. Det var lov å håpe at forrige album var eit feilskjær og at gutane hadde klart å hente seg inn att. Den gang ei. Dette var ei pinleg affære, med Here Until Forever som låta eg meiner er eit skrekkeleg og skummelt bilete på kva In Flames har blitt. Makan til suppete kliss er det lenge sidan eg har høyrt. Skrekk og gru! Styr for all del unna!