Foto: Navn Navnesen



Heile fronten på Vampire Stage var tildekka med eit gedigent kvitt teppe, og ryktene gjekk foran scena om at det var ein svær produksjon det polske bandet hadde dradd med seg på sin The Deathless Svmmer-turné. Behemoth er eit band som veit å vere visuelle og har vore rause med pyroen dei gongane eg har sett dei før. Pyro er jo aldri feil!



Under intromusikken var teppet framleis oppe, men vi kunne sjå skuggane frå eit par bandmedlemer bak der, og vokalist Nergal var framme og skapte stemning med å trykke seg inntil slik at vi såg konturane av han i teppet. Til stor jubel frå ei enorm folkemengde. Ein jubel som ikkje blei mindre då teppet fall til tonane av Ora Pro Nobis Lucifer.



Ryktene om ein stor produksjon var ikkje overdrivne. Mikrofonstativa var som normalt flankert av slangar og med sigilar i front. På båe sidene var de satt opp store stilas med mikrofonar, og både bassist Tomasz "Orion" Wróblewski og gitarist Patryk "Seth" Sztyber brukte desse. Vokalist Nergal var sjølvsagt opp dere òg. Og det var MASSE pyro! Eg tippar annakvar låt hadde flammar som kryssa både oran bandet og som sto i taket bak dei.



Behemoth er som alltid tighte og ekstremt samspelte. Det er ikkje tvil om at dei må vere det beste som kjem frå Polen musikalsk. Og det går ikkje an å ikkje digge dette, men dei klarer ikkje heilt å leve opp til den same intensiteten som Mayhem frå tidlegare på kvelden. Dog er Nergal ein strålande frontfigur som veit å fri til publikum, og prikken over i-en sette han då han drog meg seg eit norsk flagg med Behemot-logoen på då han sto fremst på scena og takka det norske publikumet. Logoen var sjølvsagt plassert slik at flagget blei eit opp-ned-kors! Metall!