Foto: Øystein Bagle-Tennebø




Kva kan ein seie? Årets høgdepunkt på Tons of Rock kom tidleg i år. Opeth skuffar aldri. Sjølv om vokalist Mikael Åkerfeldt var litt muggen for å måtte spele i sola, leverte dei til klink 10/10! Set lista for ettermiddagen var bestemt av fansen. Og då blir det, som Mikael sjølv seier: berre gamal shit! Men det er ikkje å forakte… Det kom hit etter hit, som perler på ei snor.

Eg er heilt einig med vokalisten; dei burde hatt lenger tid. Myyyykje lenger tid. Eg kunne ha stått der i sola og nytt banger etter banger i timar. Og dei kunne godt bytt plass med kven som helst av headlinarane var det opp til meg. Eg håpar festivalleiinga fekk med seg frieriet frå bandet og kjenner si vitjingstid.



Som alltid er det ein kombinasjon av tung dødsmetall og stand up når Åkerfeldt er på scena. Han har ei eiga evne til mellom-låtar-snakk, noko som tilfører ein ekstra dimensjon til konserten. Han påstår til dømes at Stockholm (der bandet kjem frå) er hovudstaden i Skandinavia, til vill buing frå publikum sjølvsagt. Vill buing og god stemning! Og om han framleis er furten etter at eit av favorittbanda hans, Heart, ikkje kjem likevel, veit eg ikkje, men han vitsa fleire gongar med erstattarbandet, W.A.S.P. Stitatet “We Are Sattans People” blei ein gjengangar.

Det som imponerer meg grådig er kor tight bandet er. Det er ikkje ein note som ikkje sit der den skal, og alle taktskifter, tempoendringar og anna musikalske krumspring, blir framført med ei slik sjølvfølgelegheit at gåsehuda er med meg under heile konserten. Det ser so såre enkelt ut i tillegg. Frå dei opna med Grand Conjuration til dei avslutta med Deliverance var eg so nær eg kan kome eufori. Og sjølvsagt kjem denne euforien stort sett til uttrykk i rytmisk nikking. Og det var heilt greitt, sa Mikael. So lenge vi viste glede, var alle former for framsyning av kjensler heilt innanfor.



Oppsummert: dette gjekk du glipp av om du ikkje var der:
Grand Conjuration
Drapery Falls
Demon of the Fall
Heir Apparent og
Deliverance.

Tenk berre om dei kunne spelt lenger … Fanboy godt nøgd med den snaue timen vi fekk, iallfall!