Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Bandet som blei starta i London i 1995 (oprinneleg under namnet Our Haunted Kingdom, men det endra seg til Orange Goblin etter omtrent eitt år), Orange Goblin har vore pionerar på metallscena sidan den gongen. Ofte rekna som Stoner Rock – og for å være rettferdig, dei tre fyrste albuma deira heller nok til den sjangeren – er dette no fire musikarar som representerer alt som er bra, og som fangar alt frå Stoner, Doom, Heavy, til innslag av gammaldags punk og refreng i Motorhead-stil.

Med andre ord, dette er eit av desse banda som, om du nokon gong får sjansen til å sjå live, bør du ta tak i den med begge hendene og springe …




Vokalisten framstår som den hyggelegaste fyren i verda, men hadde eg treft han i ei mørk bakgate, hadde eg anten snudd og springe eller i det minste kryssa gata. Han er sikkert 3 meter høg, bygd som ein vegg og full av tattisar! Men han minte oss alle på kvifor vi er her på Sletta: we all love fucking metal and hard rock! Det har han heilt rett i. Og det var umåteleg kult å vere med Orange Goblin på denne påminninga. Eg elskar denne mentaliteten om at vi er saman om dette. Når nokon ramlar, hjelper alle med å dra dei opp att på beina. Og låta dei spelte rett etter var The filthy and the Few. Aproposlåt.

Eg er nok mest glad i det meir ekstreme, men Orange Goblin leverte ein forrykande konsert som fekk heile teltet til å gynge under dei massive riffa og feite trommene. Og bandet var minst like energiske på scena som dei yngste jyplingane i klassa. Det var umogleg å merke at dette var eit band som har holdt på i 30 år! Creds. Creds òg til alle dei unge fansa som held mosh pit og crowd surfing gåande dag etter dag, konsert etter konsert. Eg kjende att fleire ansikt som kom ekstatiske ut frå sikkerheitssona dei blir henta ned i etter ei runde med surfing på vener og andre metalheads.



Oppsummert var dette ein ordentleg feelgood konsert med eit band eg anbefalar å få med seg ved neste korsveg.