Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Det var utruleg godt å oppleve musikk som er ekte og i kontakt med naturen og vår opprinnelse, og heilt fri for anna enn urkraft. Vikingar med skjold og spyd i fri dressur på scena. Trekvistar og mindre tre over alt. Fulgekvitter og røykelse. Ei makalaus oppleving for dei frammøtte i Spektrum. Heilung er genuine og dedikerte, noko som skin gjennom i musikk, utføring og glede på scena.

Heilung er eit eksperimentelt folkemusikkband som vart danna i 2014 i København. Bandet består av medlemmar frå Danmark, Noreg og Tyskland. Musikken deira er basert på tekstar og runeinskripsjonar frå germanske folk i jernalderen og vikingtida. Heilung skildrar musikken sin som "forsterka historie frå tidleg mellomalder i Nord-Europa". Namnet "Heilung" tyder "heiling" på tysk, og bandet ønskjer at lyttaren skal kjenne seg avslappa og i ro etter ei magisk musikalsk reise. Heilung brukar autentiske og arkaiske instrument som rangle, rituelle bjeller og menneskebein, i tillegg til strupesong.



Scena er dekorert med tre og andre ting frå naturen, og på mikrofonstativa heng det bjeller, maraccas laga av hovudskallar, og andre naturartefakter. Den dunkle belysninga skapar ei trolsk stemning, og saman med røyken og lukta av bål, skapar det ein kraftig illusjon av å vere utandørs. Tankane går ved fleire høver akkurat ut i naturen, og det slår meg gong etter gong at dette skulle vore bivåna utandørs, midt i skogen blant dyr og fuglar.

Konserten startar med ein opningsseremoni der dei fyrst rensar instrument og rekvisittar, det blir bedt til kvar himmelretning, og heile gjengen står til slutt samla i ein sirkel og gjennomfører eit rituale med noko i retning av ei bøn. Det er merkeleg andekteg og verkningsfullt. Eg kjenner på ei kjensle av primalkraft som riv i meg, og eg er veldig spent på korleis dette blir. Det kan fort ende i noko svulstig og parodisk. Heldigvis skjer ikkje det. Dette er gjort med ei genuin inderligheit som imponerer. Når til og med fuglekvitter frå høgtalarane funkar, er det berre å lukke augene og late seg sende tilbake til då vi var urmennske og ikkje var opptatt av noko meir enn kor tid neste måltid skulle kome.



Heilung er i utgangspunktet ein trio beståande av tyske Kai Uwe Faust, dansken Christopher Juul og norske Maria Franz, men på scena er dei mange fleire. Eg talte iallfall 17 på eit tidspunkt. Det er to koristar, tre trommeslagarar, og ein hird med vikingar som utfører koreograferte krigsdansar. Scena er mikka opp, og det er tillaup til allsang og grynt og roping frå hirden. Det minner av og til litt om New Zealandske haka-takter, spesielt under songen Urbani der hirden roper og dansar taktfast med skjold og skjelettbein. Mektig.

Eg er i grunn veldig imponert over kor mykje musikk dei skaper på scena. Ein skal ikkje undervurdere trommer, bjeller, bein og den menneskelege stemma! Når det i tillegg blir levert med so masse energi og innleving, blir det berre rett og slett dritfett. Avslutningssongen Hamrer Hippyer er noko med det kulaste eg har vore med på på konsert. Det var eit frenetisk skue på scena, med kroppar henført i transeliknande dans og vill røyrsle til dei suggerande rytmene frå trommer og song. Eg elska det! Dette bør alle få med seg ein eller annan gong. Helst utandørs. Det skal iallfall eg få med meg! Og då helst utan folk som pratar non stop! Makan. Eg blir so eitrande ... Skjerpings, solkens!