Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Eg har ikkje sett Gaahls Wyrd sidan dei spelte på Tons of Rock for eit par år sidan. Det var ein kul konsert. Sidan den gong har bandet slept nytt album, Braiding the Stories, eit album som ikkje sat like godt hjå meg som det forrige. Det kan hende eg ikkje har gjett det nok tid, men det var ikkje ein umiddelbar suksess her i garden. Men all musikk får eit heilt anna innhald når ein opplever det live. Det var difor med relativt blanke ark og meir eller mindre nøytralt sinn eg sto klar ved Valhall scene på årets Midgards Blot.

Gaahls Wyrd leverte ei kraftfull og samansett oppleving under kveldskonserten. Med ei setliste som strekte seg over fleire kapittel i Gaahls musikalske historie, fekk publikum smakebitar frå både Gorgoroth, God Seed og dei to albumutgjevingane frå Gaahls Wyrd.



Bandet balanserte det gamle og det nye med stø hand. Awakening frå Gorgoroth-perioden kom tidleg og sette tonen med sin rå intensitet, medan Alt Liv frå God Seed var eit av dei mest stemningsfulle innslaga og var både mørkt, meditativt og suggererande. Frå Gaahls Wyrd sitt eige materiale var Ghosts Invited eit naturleg høgdepunkt, med sin særmerkte blanding av melodisk finesse og ritualistisk tyngde. Og eg må seie at dei to låtane dei spelte frå Braiding the Stories sat godt med meg!

Lydbiletet var klart og kraftig, og Gaahl sjølv framstod som både distansert og til stades, ein kan vel seie at han er ein frontfigur som let musikken tale. Men for ein karisma og autoritet han har på scena. Utan å gjere noko sprell, klarer han å framstå som ei urkraft og ein som fortener respekt. Publikum var tydeleg engasjert, og stemninga steig i takt med mørket som senka seg over Borre.



Alt i alt ein solid konsert, der Gaahls Wyrd viste korleis ein kan bygge bru mellom fortid og notid utan å miste retninga.